Stiftelsen for samfunnsfag og næringsforsking (SNF) stiller seg skeptisk til at Hardanger Vest har æra for å skapa heile 97 nye arbeidsplassar i Odda i løpet av år 2000. Ris meir vanleg enn ros

SNF saknar ei betre dokumentering av registreringsmetodikk og ei spesifisering av kor viktig hjelp som er ytt av omstillingsprogrammet til oppretting av dei aktuelle arbeidsplassane.

Rapporteringa har preg av at ein ventar seg kritikk og diskusjon, seier SNF i ein rapport laga for Staten, som betalar halve gildet.

Fenomenet er velkjent i evalueringspraksis: Korleis kan ein godtgjera at resultata faktisk kan tilskrivast prosjektet.

På den andre sida er det truleg mange andre positive effektar som ikkje blir tekne med fordi fokus altfor sterkt blir sett på nye arbeidsplassar.

Ei oppteljing av omtalar i lokalavisa Hardanger Folkeblad viser at ris er vanlegare enn ros.

Presseskrekk

Medieoppslag er også frykta i Bremanger. Det kan føra til at omstillingsprogrammet kjem i miskreditt når målet om å stabilisera folketalet ikkje blir nådd.

Fagfolka som evaluerer ordninga er rimeleg sikre på at målet om minst 100 nye arbeidsplassar innan omstillingsperioden, kan nåast.

Men det sekundære målet om å stabilisera folketalet på over 4000 innbuarar, framstår som ei retorisk øving utan meiningsinnhald, meiner SNF.

«Omstillingsprogrammet (har) isolert sett liten eller ingen mulighet til å påverke de underliggende mekanismene som styrer flytteprosessene», heiter det i rapporten.

Dei ser likevel ikkje målsettinga som eit problem utan at manglande måloppnåing og folketalsnedgang blir gjort til eit poeng, til dømes i media.

Folketalet går ned

Heller ikkje i Vaksdal har det vore mogeleg å snu folketalsnedgangen. Alt sidan 1950 må Vaksdal reknast som ein utflyttingskommune, i aukande tekstilimport. Høgt fødselsoverskot har «pynta på» tala. Kommunen hadde eit folketal på 5500 i 1970. Sidan har det gått nedover og det er ungdom som flytter ut. Dei yrkesaktive som er att, har fleire mindreårige og eldre å ta vare på enn kommunar flest.

Lærdommen ein kan dra, er at eit tidsavgrensa omstillingsprogram i liten grad kan påverka flyttestraumen, den naturlege tilveksten (fødselsoverskot) eller aldersstrukturen. Folketal er etter SNF si meining eit dårleg mål på om omstillingsprogrammet er vellykka eller ikkje.

Hjelp til omstilling

Ei rekke einsidige industrikommunar har fått statleg hjelp over fleire år til omstilling. Folketalet i desse bygdene har gått ned til liks med nedbemanning i hjørnesteinsbedriftene. Maskiner må overta manuelt arbeid i konkurransen med kostnadsnivået utanlands.

På Vestlandet har Vaksdal, Odda og Bremanger vore med. I ein ny runde har også Stord-området (Stord og Fitjar kommunar) kome med.

For kvar krone Staten yter til prosjekta, må det ytast ei krone lokalt, får Bergens Tidende opplyst i Kommunal og Regionaldepartementet. I dei fleste tilfella er både kommune og fylke med på spleisen, men i Vaksdal har fylket ikkje delteke.

Sjølv om nye arbeidsplassar er det primære, blir det åtvara mot å tru at mange nye jobbar på kort tid gjer lokalsamfunnet omstilt og robust. Arbeidsplassar kan forsvinna, men på den andre sida kan dei også legga grunnlag for enda fleire.