— Politikarane skjønar visst ikkje alvoret. Noko må vere gale når utlendingane kan levera båtar billegare enn våre materialprisar, seier Fred Arve Lothe (34), tillitsvalt ved Oma Baatbyggeri på Stord og permittert sidan i sommar.

Lothe har vore heldig som har hatt drosjekøyring å falle tilbake på. Med ei studerande kone, tre born og huslån er han avhengig av inntekter større enn dagpengane gir høve til.

— Drosjekøyringa har dels gitt meg større inntekt enn eg hadde før, men timane har vore langt fleire. Og så passar det dårlegare med familielivet, seier Fred Arve Lothe.

Han er forundra over fylkespolitikarane i Hordaland som ikkje gav HSD ny langtidsavtale for snøggbåtdrifta.

Då vart det ikkje noko nybyggoppdrag for Oma Baatbyggeri.

4,2 prosent arbeidsløyse

Ved inngangen til 2004 var 1073 personar utan arbeid i seks Sunnhordland-kommunar. Det er 4,2 prosent av arbeidsstyrken og 366 fleire arbeidslause enn for eitt år sidan.

44 nye personar gjekk ut i permittering i desember. Her er det skipsbyggingsindustrien som først og fremst slår ut.

Aker Stord og Aker Elektro har hatt permitteringar på førjulsvinteren. Verftet intensiverer i 2004 oppdrag med Kristin-plattforma og sender folk på oppdrag i Hammerfest og på Kårstø.

- Det svingar

Aker Stord har dei siste tre åra redusert talet på tilsette frå 1800 til 1200. Aker Elektro har selt ut delar av verksemda og sentralisert administrative funksjonar til Stavanger.

— Stord er ein industrikommune der sysselsetjinga svingar. Når dei tunge industribedriftene går godt, glir det gjerne lettare for dei andre bedriftene òg. Elektro er typisk. Det siste halve året har det vore mange elektrikarar ledige, konstaterer distriktsarbeidssjef Astrid Østerlid.

Det er etterspurnad etter arbeidskraft innan service og omsorg.

— Men det hjelper lite for industrifaga som slit, seier Østerlid som registrerer at dei store bedriftene har skaffa seg sysselsetjing for 2004.

— Men me er avhengige av større aktivitet i skipsindustrien for å få talet på ledige ned, seier Astrid Østerlid.

Betre enn frykta i Odda

Arbeidsløysetala for den andre industribastionen i Hordaland, Odda, er betre enn spådommane som kom då Odda Smelteverk stansa opp.

Odda har rett nok ei arbeidsløyse på 4,2 prosent. Men 3,3 prosent for Indre Hardanger (Odda, Eidfjord, Ullensvang) er betre enn snittet for både Hordaland og heile landet.

Ved utgangen av 2003 var 155 personar meldt ledige i Odda, 16 færre enn eitt år tidlegare. 55 personar i Indre Hardanger var registrert som permitterte ved overgangen til 2004.

PERMITTERT: Mange permitterte industriarbeidarar i Sunnhordland finn seg alternative jobbar. Fred Arve Lothe har køyrt drosje på heiltid sidan sist sommar. FOTO: OVE OLDERKJÆR