Fotografane Arve Ullebø og Geir Birkeland dokumenterer dei tilsette i aluminiumindustrien i Høyanger. I vinter har dei fotografert 500 av dei tilsette på felgfabrikken Fundamus og aluminiumverket. I morgon opnar dei utstilling.

120 portrett. Av menneska i industrien.

— Tanken er å gjere folka bak produksjonsstatistikkane synlege. Kanskje kan dei som tenkjer i tonn, effektivitet, kroner og øre, gjennom denne utstillinga sjå menneska bak tala. Det hadde i så fall vore kjekt, seier Arve Ullebø.

Sårbare

I kjellaren i fotobutikken i Høyanger står bilde etter bilde. I svart og kvitt. Ferdig monterte.

Klare til å bli hengde opp. Industriarbeidarar, kontortilsette, sjefar. Alle med sitt daglege virke knytta til produksjon av aluminium og bilfelgar.

Dei er fotograferte med same bakgrunn. Kvar person er tatt to bilde av. Ingen instruksjon på førehand. Rett inn og på plass framfor kameraet.

— Vi ville ikkje ha dei til å posere. Vi ville ta bilda når dei var som mest sårbare, forklarar Ullebø.

Portretta av industriarbeidarane skjer etter eige initiativ frå Høyanger-fotografane. Ideen fekk dei etter å ha vore på eit kurs i vinter. Full av pågangsmot drog Ullebø direkte på Fundo. Og berre starta ta bilde av tilsette. I to dagar fekk han jobbe. Så tok leiinga til å lure på kva pokker han dreiv med.

— Då blei det stopp i ei veke. Men så fekk eg kome att. Og når Fundamus hadde sagt ja, kunne ikkje godt Hydro nekte heller, ler Ullebø. – Du veit, hadde vi starta med å sende søknader i hytt og pine, hadde dette sikkert aldri blitt noko av.

Eit årskull

Dei to har tatt kvar si bedrift. Birkeland på verket, Ullebø på felgfabrikken. Stort sett har det vore lett å få folk til å stille opp.

— Høyanger-folk er veldig patriotiske. Så dei fleste sa ja straks, fortel Geir Birkeland.

Men nokre har dei ikkje fått festa til filmrullen.

— Spesielt ein del sunnfjordingar har sagt nei, kommenterer Ullebø.

Begge manglar dei kring 50 før målet er nådd, portrett av eit heilt årskull industriarbeidarar.

— Men vi skal greie det. Før året er omme, skal alle ha blitt festa på filmrullen.

Dei siste vekene har dei jobba døgnet rundt for å bli ferdige.

— Vi har hatt arbeidsdagar på 19 timar, fortel Geir Birkeland. Han har meir eller mindre gjort bustadhuset sitt om til fotolaboratorium. På eit knøttlite mørkerom i andre etasje har kopieringa skjedd.

— Berre soverommet er freda, flirer fotografen.

På konkursens rand

Sjølv har dei to til saman 30 år bak seg i industribedriftene i bygda.

— Vi kjenner dei fleste vi har fotografert. Det har vore litt vanskeleg. Vi prøver å vere veldig bevisste på at ikkje kjennskap og vennskap skal styre utstillinga. Det er dei beste fotografia som må med.

Fotografane har fått 20.000 kroner i støtte til arbeidet. Men det er knapt nok til å dekke framkallingsvæska.

— Vi reknar med at berre materialkostnadene er på minst 140.000. Får vi ikkje selt ein god del av desse portretta, er vi konkurs. Men vi håpar folk vil betale for sine eigne bilde. Og så kan vi jo tru på at Hydro og Fundo vil handle litt.

Reiten invitert

I dag monterer dei utstillinga. Over tre etasjar i Høyanger samfunnshus.

Samstundes med at Hydro-leiinga snakkar ope om at dei ikkje vil modernisere aluminiumverket, heidrar to fotografar menneska i industrien. Dei som skaper verdiane.

— Timinga kunne vel knapt vore betre. Det er for jævlig om det blir lagt ned. Dei har vore med på å sende mange millionar til Oslo desse folka, seier dei to.

Generaldirektør Eivind Reiten i Norsk Hydro er invitert til morgondagens opning og 1. mai-feiring i Høyanger.

— Det hadde vore vere fint om han hadde dukka opp, meiner Birkeland og Ullebø.

Men fotografane trur ikkje det skjer.

PORTRETTØRAR: Arve Ullebø (t.v.) og Geir Birkeland har portrettert 500 industriarbeidarar. I morgon opnar dei utstilling i Høyanger. Seinare vil utstillinga også truleg bli vist i Årdal, på Karmøy og Sunndalsøra. Ei vandreutstilling med eit avgrensa tal bilde i Sogn og Fjordane er også på trappene.<p/>FOTO: ODDLEIV APNESETH