Dette går fram av høyringsnotatet om stat/kyrkje frå forbundsstyret i Indremisjonsforbundet (tidlegare Det Vestlandske Indremisjonsforbund). Medan indremisjonsfolket opp gjennom åra i stor grad har vore tilhengjarar av statskyrkjeordninga, går leiinga no for første gong ut og klårt flaggar sitt ønskje om ei ny kyrkjeordning. Men det er viktig å lytte og ta seg god tid til å endre ei kyrkje som ein stor del av folk har eit forhold til, legg forbundsstyret til.

Indremisjonsforbundet (IMF) er og tilhengjar av større jamstelling mellom trus— og lyvssynssamfunna i Noreg. Men samstundes må det leggjast til rette for vern om og vekstvilkår for dei kristne grunnverdiane i samfunn og lovverk. IMF-leiinga krev og stopp i staten sitt høve til å blande seg inn i indre tilhøve i trus- og livssynssamfunn, men presiserer at dette ikkje må gjelde der det er tale om vald og maktmisbruk i Guds namn.

Ikkje folkedemokrati

Forbundsstyret trur ikkje at ein skilsmisse mellom staten og kyrkja gjev eit betre lærevern i Den norske kyrkja. IMF hevdar at ein ikkje berre kan basere ei kyrkjeordning på folkedemokrati. Lovar og ordningar i Kyrkja må understreka den vedkjenningsmessige forankringa og det allmene prestedøme.

Til no har dei radikale lekmannsorganisasjonane, som IMF er ein av, ofte hevda at statskyrkjeordninga gjev dei full fridom til å drive sitt sjølvstendige arbeid innanfor Kyrkja sine rammer. Men dette legg ikkje IMF lenger avgjerande vekt på, slik til dømes Norsk luthersk Misjonssamband gjer i sitt høyringsnotat. I motsetning til IMF, tek ikkje Misjonssambandet konkret standpunkt til ny kyrkjeordning.

Snudd på hovudet

IMF-styret er elles kritisk til sjølve kyrkjeforståinga til utvalet som har lagt fram sitt framlegg til endring i tilhøve mellom kyrkje og stat. Dessutan manglar den bibelske forankringa i stat/kyrkjeutvalet sitt arbeid, mellom anna ved å gjere dåp til det einaste medlemskriteriet i Kyrkja.

Det er og mange signal som tyder på at Kyrkja har snudd sitt læregrunnlag på hovudet. Medan den kristne vedkjenninga legg vekt på læreeinskap og fridom i ordningar, har Den norske kyrkja i staden utvikla lærepluralisme og fundamentalisme i ordningsspørsmål. Det er trong for meir fridom i tilhøve til ordningane i ei stor folkekyrkje som vår.

— Den største utfordringa i dag burde vere å føre Kyrkja tilbake til sitt bibelske lærefundament, legg IMF-styret til.