• Eg er så inderleg lei av HSD, seier Vidar Høviskeland, Ap-politikar i Tysnes. I går var Høviskeland passasjer då ferja M/F «Melderskin» kom i drift.

Ferja var berre nokre hundre meter frå ferjekaia på Våge då brannalarmen gjekk. Over høgtalarane fekk passasjerane melding om å ta på seg redningsvest og gå på dekk.

Vidar Høviskeland merka uroa blant medpassasjerane der dei stod i det piskande regnet og kjende ferja drive den stunda det tok før ankeret fekk feste.

— Eit drivstøffrøyr hadde sprokke i maskinen. Den varme dampen frå dieselsølet utløyste alarmen. Maskinen vart straks stengt ned, fortel informasjonssjef Arild Sondre Sekse i HSD til Bergens Tidende.

To av ferjene i sambandet Halhjem-Sandvikvåg blei beordra over til Våge for å assistere «Melderskin». Ei stund låg tre kjempeferjer i vågen, og det heile såg dramatisk for publikum på land.

- Under kontroll

Sekse seier situasjonen heile tida var under kontroll.

— Det var ikkje fare for passasjerane. Ankeret sat fast i botnen, og vi sette inn rikeleg med ressursar for å assistere, seier Sekse.

Jonny Greve var mellom dei som stod på dekk. Han var lite nøgd då bt.no snakka med han. Då låg «Melderskin» framleis for anker:

— Det er dårlege greier dette her. Vi får for dårleg informasjon om kva som skjer. Alt vi har fått høyre var at det var ein oljelekkasje i motorrommet, sa Greve.

Det var ferja 16.55 frå Halhjem som fekk motorproblem. Om lag 18.30, tre kvarter etter oppsett rute, la «Melderskin» til kai for eiga maskin. Brannalarmen var sjekka, drivstofflekkasjen funnen og maskinen starta opp att.

Misnøye

For Vidar Høviskeland vart laurdagens ferjedramatikk berre nok eit HSD-problem. På Tysnes har det lenge vore misnøye med ferjetilbodet frå HSD. Ferjene klarer ikkje halde ruta, motorproblema står i kø.

Gårsdagens ulukkesferje er symptomatisk nok reserveferje for M/F Bømlo, som ligg på verkstad med ein problematisk propellaksling.

Høviskeland som pendlar til Oslo, vågar ikkje lenger stole på morgonferja måndag. Han reiser til Bergen søndag kveld og overnattar hos sonen for å vere sikker på å rekke flyet.

— Eg er så inderleg lei av HSD. Då meiner eg ikkje dei som jobbar på ferjene og gjer ein heroisk innsats for å halde gåande det utrangerte materiellet.

— Du sit i kommunestyret på Tysnes som gong på gong har teke opp dette med HSD. Kva får de til svar?

— Den eine instansen skuldar på den andre. Til sjuande og sist blir det å slåst med nabokommunar om å få tak i den beste ferja. Det vert uverdig. Gamalt materiell er eit generelt problem for HSD, seier Høviskeland til Bergens Tidende.

- Ikkje relevant

Geir Aga, administrerande direktør i HSD sjø, legg ikkje skjul på at sambandet Halhjem-Våge ofte har vore råka av driftsstans.

— I dette tilfellet er likevel ikkje kritikken om dårleg materiell relevant. «Melderskin» er ei av dei raskaste ferjene vi har, med god kapasitet.

Aga meiner HSD har vist vilje til å prioritere Tysnes.

— I fjor vart det for første gong sett inn to ferjer i sommarsesongen. Då hovudferja til Tysnes fekk problem førre fredag, sette vi inn ei nyare og større i reserve. Det er og eit signal om at vi prioriterer sambandet, seier Aga.

<b>RYGGA I LAND:</b> Melderskin kom seg til kai for eigen maskin, om lag tre kvarter etter oppsett rute. Fleire av bilane måtte rygge i land. <p/> FOTO: MORTEN HAALAND