Det er tilsette i medlemsbedriftene i Vossa Jazz Lauget som fekk dette gratistilbodet frå jazzfestivalen. Dei som er med i lauget, var med på den økonomiske redningsaksjonen då Vossa Jazz var i alvorleg økonomisk krise.

– Vi prøver å seia takk for hjelpa, forklarer, Trude Storheim, dagleg leiar for festivalen.

Alterhaug og Dale

Jazzmusikar og professor i musikk ved NTNU, Bjørn Alterhaug, får hjelp av vossingen Olav Dale når dei skal visa kor viktig improvisasjon er i daglege – «mellom panikk og keisemd».

– Andre yrkesgrupper kan ha noko å læra av jazzen si grunnleggande haldning; å vera medskapande, risikovillig, og ikkje ha altfor stor frykt for å gjera feil, seier Storheim.

Trude Storheim, dagleg leiar for festivalen.
Arne Hofseth