OVE A. OLDERKJÆR ove.olderkjaer@bt.noKvinnheradStortinget bestemte måndag at Justisdepartementet skal plassera Kvinnherad, Odda, Ullensvang, Jondal og Eidfjord i dei nye politidistrikta. Det skal skje i samråd med dei berørte kommunane.Stortinget slo fast at Hardanger politidistrikt blir lagt ned, og at Granvin og Kvam går til Hordaland politikammer. Stord, Fitjar og Bømlo forlet Hordaland for å bli med i det nye Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.— Vi ser ikkje umiddelbare fordeler med å flytta frå ein organisasjon til ein annan. Vi bør bli i Hordaland politidistrikt blant anna fordi det er kortare reisetid til Bergen enn til Haugesund, og fordi vi nyttar oss av politimessige fasilitetar i Bergen, seier lensmann Jan L. Fosse til Bergens Tidende.- Det finst inga ideell løysing. Men eg meiner det er uheldig å splitta opp Hardanger-regionen i to politidistrikt. Og det blir galt at Kvinnherad og Odda ligg i kvar sine distrikt når Folgefonntunnelen opnar, seier politimeister Finn T. Rud.- Eg ser sg argument for å flytta til Haugaland, først og fremst for Odda. Det viktigaste er likevel at regionen ikkje blir splitta opp, meiner Rud.