— Det som no skjer i vitneførselen i retten må koma fram. I Sjøfartsdirektoratet sit folk i høge stillingar og skal jobba for tryggleiken. Men ingen tek ansvar. Dei skuldar berre på kvarandre, seier Mette Jensen til Bergens Tidende.

Ho har nyleg avlevert sitt vitneprov i ankesaka i Gulating lagmannsrett i Bergen.

Stavangerkvinna fekk helseproblem etter ulukka for fire år sidan, der 16 menneske omkom. Ho er i dag sjukemeldt og utan jobb. Jensen viste handlekraft då båten var i ferd med å gå ned, og fekk iført passasjerar livvestar og dirigert dei mot øvre dekk.

Peika og kviskra

— Etter alt som stod om meg i avisene den gongen blei eg lett kjent att av mange. Folk snakka til meg, peika eller kviskra. Det heile blei eit stort problem for meg, seier Mette Jensen.

36-åringen får enno psykiatrisk hjelp som følgje av påkjenningane i og etter «Sleipner»-ulukka. HSD gav henne tolv psykologtimar, den kvoten er brukt opp for lengst.

— Eg måtte slutta i Flaggruten på grunn av ryggen. Eg har ikkje problem med å gå om bord i båt. Til rettssaka i Bergen sov eg meg opp frå Stavanger på MS «Vingtor», seier Jensen.

— Eg har heller ikkje problem med heltestatusen frå ulukka. Eg er berre veldig glad for at eg gjorde det eg gjorde. Det gjer at eg kan leva med meg sjølv i dag.

- Ingen tek ansvar

Mette Jensen er frustrert over Sjøfartsdirektoratet si framferd i «Sleipner»-saka. Denne veka har ho følgt vitneforklaringane frå fleire leiande personar i direktoratet.

— Det ser ut til at ingen er ute etter reelle fakta som kan hindra at tilsvarande ulukker kan skje med andre båtar. Det virkar som at det ikkje finst faste lovar og reglar, seier Mette Jensen.

ETTERLYSER LÆRDOM: Mette Jensen overlevde «Sleipner»-ulukka 26.november 1999. Ho reagerer på det ho kallar ansvarsfråskriving i Sjøfartsdirektoratet under den pågåande rettssaka i Bergen.<p/>FOTO: TOR HØVIK