Politiet har avslutta etterforskinga av drukninga 23. februar i år.

Etterforskinga konkluderer med at far til jenta, som mista styringa på bilen på den speglblanke føret og køyrde i sjøen inne på området til Høyer Odda AS, ikkje gjorde seg skuldig i noko straffbart.

Kanten ut mot sjøen var ikkje sikra.

— Etterforskinga av om Høyer Odda skulle ha sikra kanten er enno ikkje avslutta, opplyser politiinspektør Kjetil Kvalvik i Odda.

Foto: BT