HILDE KRISTIN STRAND

I perioden 1981-2000 døydde det 27 personar av kreft i området Skotaberg på Stord, der det bur omlag 500 innbyggjarar. Dødsfalla gjorde folk engstelege, og kommunen sette ned ei arbeidsgruppe som skulle jobba med oppfølging av kreftdødsfalla. No er konklusjonen klar: Kreftregisteret har ikkje funne overdødelegheit i området. I to gater var talet på kreftdøde svært høgt. Men når ein utvida området viser det seg at det ikkje døyr fleire av kreft på Skotaberg enn andre stader. Ein konkluderer med at dei mange krefttilfella på Skotaberg er eit typisk døme på tilfeldig opphoping.

Arbeidsgruppa sette i gong undersøking av drikkevatn og jordprøvar, og gjennomførte ei frivilleg radonmåling. I tillegg målte ein stråling frå radiomasta på Midthaugen. Konklusjonen er at ein ikkje treng tenkja på at det er særlege tilhøve i nærmiljøet på Skotaberg som kan forklara krefttilfella der.

Ein valde ikkje å granska asbest i drikkevatnet. Det er luftboren asbest som er forbunden med kreftfare, og Folkehelseinstituttet opererer ikkje med grenseverdiar for kor mykje asbest som kan vera i drikkevatnet før det er helseskadeleg. I tillegg har ein vassleidningar av eternitt i kommunen. Desse gjer at ein vil finna asbest i vatnet, men det er ikkje fleire eternittrøyr på Skotaberg enn elles i kommunen.

Magny Huseth som bur på Skotaberg meiner ein burde undersøkt vatnet for asbest. Ho seier ho vil ta asbestprøve sjølv dersom kommunen ikkje gjer det.

— Det vert sagt at det er mykje asbest i vatnet, men ein burde målt det for å vera hundre prosent sikre, seier Huseth.

Rapporten frå arbeidsgruppa vert lagt fram for handsaming i formannsskapet neste veke. Arbeidsgruppa tilrår at ein avsluttar arbeidet dersom ikkje måleresultata frå radonmålingane eller Statens forureiningstilsyn sine granskingar av strålefare frå masta på Midthaugen endrar resultatet. Resultata frå radonmålinga er venta å vera klare før sommaren. Dei radonmålingane som er gjort tidlegare viser ikkje for høge verdiar, og ein har heller ikkje funne fleire tilfelle av lungekreft enn venta.

Ein har funne høge verdiar av arsen, sink og krom i jordprøvane som er tekne. Både arsen og krom er kreftframkallande. Men for at stoffa skal vera helseskadelege må dei koma inn i næringskjeda til menneske

FAKSIMILE BT.