— Det er ikkje krav om sjøforklaring for fartøy under utanlandsk flagg, seier styreformann Arne Skeie i Kopervik Ship Management AS, Karmøy-selskapet som eig ”Fritind”.

Mannskapet på brua har anten sovna eller vore uoppmerksam på annan måte idet det 65 meter lange lasteskipet skulle svinga babord inn i Langenuen litt før klokka fem sundag morgon.

For seint oppdaga dei at båten var ute av kurs. Det blei gjort forsøk på å slå akterover, men det tungt lasta skipet rende på land i 4-5 knops fart, ifølgje Arne Skeie.

Fitjar lensmannskontor føretok etterpå rutinemessig alkotest av dei fem polakkane og den eine litauaren om bord. Det er ikkje mistanke om promille mot dei erfarne mannskapsmedlemmene som var på vakt og som formelt blir avhøyrt i dag.

Grunnstøytinga skjedde på Stokkeneset like ved Sandvikvåg ferjekai. Det gjekk hol i baugen slik at vatn strøymde inn i ballasttankane. Det gjekk ikkje hol i lasterommet, der det var 1400 tonn stålprofilar frå Mo i Rana på veg til Danmark. Etter at deler av lasta var ført over i eit anna skip kom ”Fritind” flott ved eiga hjelp i 12-tida måndag. Båten blei buksert inn til Årskog industrikai i Fitjar., og skal seinare dokksetjast for reparasjon.

AV GRUNN: Etter at deler av lasta var fjerna flaut ”Fritind” for eiga hjelp i 12-tida i går. Soving på brua kan vera årsak til grunnstøytinga.
OVE A. OLDERKJÆR