— På lappen står det skrive at no er eg redd, fortalde politiinspektør Ronny Iden.

Det var på pressekonferansen i går kveld at politiet sleppte den oppsiktsvekkjande opplysningen om lappen. Politiet stadfesta også at lappen er sendt til analyse hos skriftekspertar for å finne ut om det er den drepte sjukepleiestudenten som har skrive meldinga.

— Meldinga er kortfatta. Det er snakk om få ord. Vi jobbar no med å få stadfesta om det er Anne Slåtten som har skrive lappen. Eit svar på det kan komme raskt, opplyste Iden.

Funnen søndag

Den skrivne meldinga blei funnen då vitnet Stian Henriksen saman med vaktmeisteren ved høgskulen tok seg inn på sjukepleiestudentens rom søndag ettermiddag. Lappen låg lett tilgjengeleg på rommet og var lett å finne.

Politiet fekk tilgang til lappen straks etter at Slåtten blei meldt sakna søndag ettermiddag. Funnet av den skrivne meldinga er hovudgrunnen til at politiet berre to timar etter første saknameldinga plomberte bustaden i Hamretunet, og sette i gang ein storstila leiteaksjon.

På pressekonferansen i går var politiet nøye med å understreke at dei ikkje kan vere sikre på at det er den avdøde som har skrive meldinga. Lensmann Kjell Fonn formulerte seg på dette måten:

— Ein person gjev uttrykk for at «eg er redd».

Opplysningane om fryktlappen er oppsiktsvekkjande fordi politiet tidlegare har gått ut med at samtalen Slåtten hadde med kjærasten natt til søndag var heilt normal. Ho skal då ikkje ha sagt at ho var redd.

Funnstad var åstad

Kripos-etterforskarane, mellom dei ein fingeravtrykkspesialist, var i går inne i bukollektivet i Hamretunet for første gong. Mellom anna er Slåttens private pc henta ut, og blir no undersøkt. I dag vil politiet halde fram med å gå gjennom bustaden.

På pressekonferansen i går kveld stadfesta også politiet opplysningane i gårsdagens utgåve av Bergens Tidende om at rogalandskvinna blei drept på funnstaden ved Angedalsvegen i Førde sentrum.

— Det er funn på staden som gjer at vi no er sikre på dette, sa Iden.

Graskinga av åstaden i Angedalsvegen er no så godt som over.

— Vi har gått over området nærast med kam, seier lensmannen.

Etter det Bergens Tidende kjenner til har kriminalteknikarar sikra seg fiber og biologisk materiale som er funne på avdøde. Dette er no sendt til analyse, med det er enno ikkje klart om etterforskarane har sikra seg DNA frå gjerningsmannen.

I eit område nær drapsstaden blei i går ettermiddag og kveld søkt med hundepatruljar frå Hordaland politidistrikt. Mannskap frå Røde Kors søkte i tillegg i elva.

Flaum av tips

Etter at politiet tysdag bad alle som hadde vore i Førde sentrum mellom 0400 og 0900 søndag strøymde tipsa inn til dei 32 etterforskarane som no jobbar med drapssaka. Politiet har til no fått inn bortimot 90 tips.

— Vi vil kartleggje kvar einaste rørsle i sentrumsområdet i dette tidsrommet, seier lensmann Kjell Fonn.

Etterforskinga er kraftig trappa opp dei siste dagane. Ni Kripos-etterforskarar er no i Førde. I tillegg var i går 23 lokale politifolk frå heile Sunnfjordområdet med i etterforskinga.

Meir enn tjue personar har dei siste dagane vore inne til avhøyr, og politiet opplyser at fleire står i kø.

Politiet understrekar at dei så langt ikkje har mistenkte.

VIKTIG LAPP: - Vi jobbar no med å få stadfesta om det er Anne Slåtten som har skrive lappen. Eit svar på det kan komme raskt, opplyste politiinspektør Ronny Iden (til h.)på politiets pressekonferanse i går. Til v. lensmann Kjell Fonn.

POLITIET