Måndag i førre veke blei det klart at Fylkesmannen oppheva Stord kommune sitt vedtak som gav stordentreprenøren løyve til fem nye års drift med steinuttak og jorddeponi på Stuva.

Fylkesmannen meiner entreprenøren aldri har hatt formelt gyldig løyve for aktiviteten i området og at denne er i strid med arealdelen i kommuneplanen.

Likevel heldt entreprenøren fram med å køyra lastebillass både onsdag, torsdag og fredag.

— Me hadde telefonkontakt med Stord kommune fredag. Då blei me einige om at me burde stoppa arbeidet, seier Magnus Skåden, dagleg leiar i W. Engelsen Ettf. AS.

— De kjende til vedtaket frå Fylkesmannen tidlegare. Kvifor stansa de ikkje før?

— Me tolka ikkje Fylkesmannen sitt vedtak som ein stoppordre. Det må kommunen gje oss.

I går var det møte mellom Stord kommune og entreprenøren der framtida for steinuttaket og jorddeponiet blei diskutert. Det er no klart at entreprenøren skal senda inn ein komplett byggjesøknad for heile det 60.000 kvadratmeter store området. Ein slik søknad må sendast på høyring og handsamast politisk. Det kan ta minst seks veker.

— Det skjer ikkje noka vidare i området før etter avtale med naboane og kommunen, forsikrar Ove Kvalnes, leiar for regulering, byggesak og oppmåling i Stord kommune.