Midtøy følte seg krenka etter at Hanselmann i eit avisintervju i vår sa at han skulle ha sjikanert ein kommunalt tilsett.

Midtøy engasjerte då advokat for å få oppreising. Men nå vel han å leggje bort saka.

Kjemien mellom Per Midtøy og resten av Fremstegspartiet i Askøy er lunken for tida. På Kystradioens sending i går føremiddag skulda Midtøy Framstegspartiet for å nytte bilde av huset hans i ein valbrosjyre utan løyve.

I mai meinte han at dei tidlegare partivenene kom med injurierande påstander både frå talarstolen i kommunestyret og gjennom avisintervju.

Men nå vel Midtøy å leggje vekk sakene, sjølv om han ikkje har fått sine tidlegare partikollegare til å beklage oppførsla deira:

Knut Hanselmann i Framstegspartiet seier til Kystradioen at han ikkje har gjort noko galt mot Per Midtøy, og er derfor ikkje overraska over at saka ikke kjem for retten.