Dei første meldingane gjekk ut på at ein person var skadd etter at bilen han køyrde gjekk i fjellveggen inne i tunnelen.

— No er våre folk komne fram til ulukkesstaden, og det viser seg at det kun er snakk om materielle skader, opplyser vakta ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Både ambulansar, redningsbilar og brannmannskap rykkte ut frå Høyanger då ulukka vart meld klokka 10.40.