Dette skriv setjeordførar Otto Benjaminson (KrF) på vegne av formannskapet . Ordførar Aksel Kloster og varaordførar Knut Prestnes har vike sete som ugilde. Kloster og kommunen gjekk inn og mekla i striden mellom Knut Prestnes si bedrift og naboane, og det såg lenge ut til at dei skulle få erstatningseigedommar på Husnes. Dette avviste lagmannsretten og seinare høgsterett, og naboane sit att med millionutgifter til advokathjelp.