Ingeniøren ville at arbeidslaget skulle fjerna tre og stein i den bratte fjellsida med stubbebrytar, men det ville ikkje basen ha noko av. Her var det berre å leggje rikeleg i holet, så blei heile skiten slengt på sjød'n. Enkelt og greitt.

Historia om arbeidet på Votlo-vegen finn du i siste sogeskriftet for Osterøy. Som tidlegare er det ei blanding av nytt stoff og eldre manuskriptar.

Det var i 1921 dei tok til med arbeidet på vegen mellom Votlo og Haus. I 1931 låg den ferdig, bygd både som pliktarbeid og naudsarbeid. På den tida gjekk mange unge, kraftige menn fulle av tiltakslyst å vansmekta utan arbeid, så arbeidet hadde dobbel meining.

Men her var også med sluskar frå Bergensbanen, så det er ikkje rart at dei gamle murane står der enno.

Sogeskriftet har som vanleg eit rikt utval med historier frå Osterøy, og i forordet skriv dei tre frå Hosanger sogelag, Osterøy sogelag og Osterøy museum at tilfanget av stoff framleis er god, sjølv om dette er 19. gongen sogeskriftet kjem ut.

Men alt treng ikkje dreia seg om riktig gamle dagar, sjølv om artikkelen til Geir Kleiveland nettopp gjer det. Han er leiar i Osterøy sogelag og skriv om ostringar i Store nordiske krig som tok til i 1709. I dei neste elleve åra vart minst 180 unge menn frå nåverande Osterøy kommune innkalt, og minst 33 døydde mens dei var i krigsteneste. Han har dei med alle, sortert etter gard