— Regelverket frå departementet føreset ikkje oppgradering av prestebustadene. Det er berre pengar til vedlikehald.

Det seier Torgeir Paulsen, personalkonsulent i Bjørgvin bispedømeråd.

Det er bispedømerådet som administrerer vedlikehaldet av dei kommunale prestebustadene, medan Bergen kommune skal betala.

Paulsen fortel at departementet sine reglar gjer at kommunane får maksimalt 400 kroner per kvadratmeter, men at ein ikkje får refundert pengar for meir enn 140 kvadrat.

— Det gjer at standarden er låg i forhold til kva folk ventar seg i dag. I Bergen er dei fleste prestebustadene om lag 170 m², noko som gjer at me har 1200 m² prestebustader me ikkje får godtgjersle for, seier Paulsen.

I 2006 får Bergen kommune 1,73 millionar kroner frå Staten. I tillegg har dei plussa på ein million sjølv.

— Nokre bustader er svært gode, men me greier ikkje alt. Sidan 2000 har me kjøpt fire nye bustader, kvar til mellom to og tre millionar kroner. To bustader har vorte totalrehabilitert for 4,2 millionar i same periode. I følgje kyrkjelova har kommunane plikt til å finna bustad til presten, og kostnadene skal dekkast av staten. Slik det er i dag, er ikkje staten i nærleiken av å dekka dei, seier Bjarte Høysæter, assisterande direktør i Bergen Bolig og Byfornyelse (BBB).