På Fastlegekontoret i Hordaland er språk etter kvart blitt ei kjent problemstilling: Mange ber om å få byte lege, fordi dei ikkje forstår kva legen seier.

Forklaringa kan vere at pasienten synest legen snakkar for lågt, eller har ei vanskeleg norsk dialekt. Men i dei aller fleste tilfella skuldast språkproblema at fastlegen er utanlandsk.

— Når folk får tildelt ein lege med utanlandsk namn, vil dei i utgangspunktet helst byte. Det handlar ikkje om fordommar, men om språk, understrekar kundebehandlar Julie Nynes til Bergens Tidende.

— Folk er redde for at legen ikkje snakkar godt norsk. Pasientane ønskjer ein lege som forstår kva dei seier, og som dei forstår.

Ingen språktest

Men i dag er det ingen standardiserte krav til utanlandske legar om norskkunnskapar. Legar med godkjend utdanning frå EU-området får automatisk autorisasjon, og treng ikkje gjennomgå norsk språktest.

Legar utanfor EU må derimot få godkjend si medisinske utdanning i Norge. I denne samanhengen må dei også gjennomgå eit fagspråkkurs ved Universitetet i Oslo, og i 2004 gjennomførte nær 130 legar dette kurset.

Men seinare, når legane kjem ut på arbeidsplassane, er det opp til kvar enkelt arbeidsgjevar å vurdere om legen kan norsk godt nok. Helse Vest RHF har ingen formelle retningsliner for språk.

— I Helse Vest er det opp til dei som tilset legane å vurdere om norskkunnskapane held mål, seier informasjonsrådgjevar Elisabeth Huse til BT.

Villige til å reise langt

I Helse Bergen må alle legar med ikkje-nordisk morsmål, eller som ikkje er oppvaksne i Norge, fullføre fagspråkkurs for legar. Regelen gjeld for fast tilsette og vikarar med ansvar for pasientbehandling.

I kommunehelsetenesta, som fastlegane sorterer under, er det opp til kvar enkelt kommune å vurdere om legen er god nok i norsk.

— Det er ingen spesifikke krav, stadfestar rådgjevar i Kommunenes Sentralforbund, Arne Norum.

— Kommunane sit igjen med utfordringa, og må sjølve ta stilling til om legen er brukandes, seier han til BT.

PS: Dette med språk går forresten begge vegar. Ifølgje Nynes på Fastlegekontoret i Hordaland kan ein utlending busett i ein norsk kommune ofte vere villig til å reise svært langt for å finne ein lege som snakkar deira morsmål.