Med «destinasjonen» si nære tilknyting til fallskjermmiljøet, måtte det bli litt fallskjermoppvisning. Med dristige Bjørn Magne Bryn i brodden, landa fire fortflygande luftsportsutøvarar på grasmatta framfor tettpakka publikum og amerikanske korsongarar i solskinnet.

Heldt seg på matta

Og sidan Voss IL har stolt turngruppe, vart det også turnoppvisning i år. Det har ikkje vore årvisst siste tiåret.

Nye element og omstokking på gamle, vart 17. mai litt annleis, men godt attkjennande.

Turninstruktør Nils Inge Haaland stakk av garde med den første Eldsjelprisen på Voss, ein ny pris innstifta av Voss Sparebank, til utdeling på 17. mai.

Tatt av krisa

At banken trødde til med ei nyskiping år, kom vel med, for Heidersprisen frå Edv. B. Hegboms Minnefond, er teken av fi-nanskrisa. Dagens låge rentenivå, gir så låg avkastning på fondskapitalen at det ikkje var nok til både heiderspris til ein idrettsleiar og stipend til unge og lovande utøvarar.

Fondstyret valde å prioritera dei unge. Fortente stipendiatar vart skiskyttar Hil-de Fenne, freestylar Terje Lie Andersen og skihoppar Sondre Skeie.

Og dei skal arbeida for å styrkja fondet til seinare år.

Pappa stand in

Den gjævaste pokalen gjekk i år til skiskyttaren Tor Halvor Bjørnstad, for tida turnuslege på Tynset, men stadig på reisefot med ski, stavar og gevær, og stundom med anna sportsutstyr. Er det ikkje sivile pokalar han hentar heim, så er det militære, og er det ikkje skiskyting, så er det ei anna form for mangekamp.

Sidan Tor Halvor ikkje hadde høve til å feira nasjonaldag på Voss i år, las Hans Bjørnstad opp ein mail frå den slagferdige idrettsutøvaren. Ingen tvil om at han sette pris på heideren. På Highlandspremien er mange store namn inngravert frå før.

Arne Hofseth
Arne Hofseth
Arne Hofseth
Arne Hofseth