Med knapt fleirtal avviste formannskapet på måndag det offentlege selskapet FjellVar AS sitt forslag om at kommunen må velja mellom gebyr eller auka renovasjonsavgift.

Ordførar Jan Utkilen seier til Kystradioen at det er uaktuelt å innføra gebyr midt i eit budsjettår. I formannskapet var det Høgre og Framstegspartiet som røysta for å ta gebyr på bruk av gjenbruksstasjonen. Det politiske fleirtalet har mislikt framgangsmåten til FjellVar i spørsmålet om bruk av gjenbruksstasjonen.

Jan Utkilen seier likevel at det ikkje er aktuelt å skifta ut styret allereie nå. Det vil eventuelt bli aktuelt på neste generalforsamling like etter nyttår.