Politiets spesialdykkarar kunne sokne dei rundt halvanna kilometrane av elva Fardøla etter at vasstanden omsider var lav nok til å kunne søkje. Soknet gjekk frå Årdalsvatnet og opp til Melheim, ei strekning på rundt 1,5 kilometer.

– Vi har hatt eit hundre prosent søk på elva, og dykkarane har sagt til meg at vi kan vere sikre på at det ikkje er noko i elva og Øvstetunsfossen, seier lensmann i Årdal, Kristen Olav Grøttebø.

Med hjelp frå blant anna kraftselskap og breførarar, starta Politiet arbeidet i dag tidleg med å leie vatn over i eit sideløp av elva. Deretter var vasstanden lav nok til at dykkarane kunne søkje.

Søket blei avslutta litt etter klokka 19 i dag. Til saman var det fire dykkarar frå Oslo brann— og redningsetat som stod for sokninga.

– Vil det bli nye søk?

– Ikkje frå vår side. Med mindre det dukkar opp nye opplysningar, vil vi ikkje gjere det. No har vi søkt der vi meiner det er realistisk å søkje, seier Grøttebø.

NYE SØK: Dykkarar har i heile dag sokna i elva Fardøla etter den sakna Charlotte Moene. Bildet er tatt ved eit tidlegare søk
Arkiv