Kapasiteten hos alle dei 15 legane i Stord kommune er sprengt. Thorleif Madssen Nesse får ikkje fastlege, dermed får han heller ikkje legevakten til å undersøkja ein senebetennelse eller setja ei allergisprøyte som han skulle hatt innan slutten av september.

— Det er rart at det ikkje er fastlegetilbod i ein kommune som ønskjer seg nye studentar. Tenk visst det hadde handla om personar med verre plager enn meg, undrar Thorleif Madssen Nesse, som kjem til å bu på Stord iallfall dei neste fire åra.

Reforma som blei innført 1. juni 2001, garanterer fastlege til alle innbyggjarar i Noreg. Stord har i haust vore i ein særstilling ved at det har vist seg problematisk å få fastlege. Per 1. november var det ingen ledige plassar hos nokon av legane i kommunen.

Alle andre kommunar i Hordaland har ledige plassar, viser Trygdeetaten sin ferskaste oversikt frå 1. november. I Sogn og Fjordane var berre Hornindal utan ledig fastlegeplass.

Manglar stilling

— Me har hatt dårleg listekapasitet i det siste. Ei årsak er at mange som ikkje har bustadadresse i kommunen, har valt fastlege på Stord, noko dei har høve til. Det blir også arbeidd for å få ei ny legestilling, seier kommunelege Lars Helge Sørheim i Stord.

— Legekontora våre skal ha opning for øyeblikkelig hjelp til alle. Dei fleste kontora hjelper generelt også dei som ikkje har fastlegeavtale i Stord. Behandling som kan venta, skal ein kunna få time til innan rimeleg tid, seier Sørheim.

Legane i Stord kommune har i dag ein fastlegekapasitet som ligg om lag 400 pasientar over det som er folketalet i Stord. Det skuldast pågang av pasientar frå andre kommunar.

Kommunelegen opplyser at ei ny legestilling har vore utlyst ein gong utan at nokon har teke imot tilbod om tilsetjing. Stillinga vil bli lyst ut på ny. Å få på plass ny lege vil ta inntil eit halvt år, ifølgje kommunelege Sørheim.

Høfleg avvist

Thorleif Madssen Nesse seier at han blei høfleg, men bestemt avvist av legen han oppsøkte på legevakta på Leirvik tidleg i haust. Årsaka var at han ikkje hadde fastlege, at allergibehandlinga trong oppfølging og senebetennelsen trong utgreiing.

— Eg blei oppfordra til å gå på trygdekontoret for å få fastlege. Der sa dei at det var uråd å finna plass, at eg stod på venteliste og måtte koma tilbake. Seinast for ei veke sidan var eg der, men framleis var det ingen fastlegeplass, seier Madssen Nesse.

20-åringen hadde fastlege då han budde i Odda, men legen døydde, og i mellomtida har Madssen Nesse vore i militæret. I haust melde han flytting til Stord.

Thorleif Madssen Nesse lir av pollenallergi, og er avhengig av revaksinering kvar haust. Årets allergisprøyte skulle ideelt sett vore injisert seinast i slutten av september. Mangel på behandling av senebetennelsen i venstre hand hindrar han også i å utøva hobbyen trommespeling.

UTAN LEGE: Thorleif Madssen Nesse får ikkje behandling for allergi- og seneplagene sine fordi Stord kommune ikkje kan oppdriva fastlege til han. <br/>Foto: OVE ARNE OLDERKJÆR