— Det kan verta vanskeleg nok å få statlege kroner til Nyborgtunnelen før 2020, seier regionvegsjef Ole Chr. Torpp til Bergens Tidende.

Dette kan slå beina under heile, eller størstedelen av den såkalla Nordhordlandspakken, der Nyborgtunnelen åleine utgjer godt over halvparten av dei samla utgiftene, som er rekna til 1,8 milliardar kroner.

For eit par veker sidan var det eit samla representantskap i Regionrådet for Nordhordland som velsigna eit opplegg med 50 prosent bompengar og 50 prosent frå staten. Nye bompengestasjonar skulle på plass i 2009, etter tre år med gratis køyring over Nordhordlandsbrua.

Umogleg

— Det er umogleg å få folk med på eit bompengeopplegg der vi skal betala heile milliarden som Nyborgtunnelen vil kosta. Det gjekk med Nordhordlandsbrua, men det går ikkje ein gong til. Nyborgtunnelen ligg attpå til i Bergen, seier Nils Marton Ådland, som er Høgre sin gruppeleiar i Meland kommunestyre.

— Det vert heilt annan diskusjon dersom det vert snakk om 100 prosent bompengar for Nyborgtunnelen, seier fungerande ordførar i Lindås, Kåre Gaulen, KrF.

Dei to tenkjer seg at bompengar kanskje kan bidra til forskottering av tunnelen, men at dei då må ha garanti for at pengane vert løyvde på eit seinare tidspunkt. Ei utsetjing av tunnelen i fem år kan dei svelgja, berre dei får garantiane som trengst.

Men garantiar av dette slaget er det berre Stortinget som kan gje.

Hard konkurranse

Ole Chr. Torpp viser til Nasjonal Transportplan 2006-2015, der Nyborgtunnelen ikkje er nemnt med eitt ord. Godt politisk arbeid frå Vestlandsrådet var med på å sikra 1 milliard ekstra til E 39 på Vestlandet i planperioden, men dei pengane er for lengst fordelte av Vegdirektoratet på sitt framlegg til handlingsprogram, og av Vestlandsrådet, som har sitt framlegg til bruk av pengane.

Som regionvegsjef må Torpp sjå Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane under eitt. I Stavanger er Eiganestunnelen sett opp i perioden 2010-2015 med om lag den summen Nyborgtunnelen skulle hatt frå staten.

— Eiganestunnelen er eit godt og viktig prosjekt for å føra E 39 forbi Stavanger. Nyborgtunnelen sin sjanse kan koma ved rulleringa av Nasjonal Transportplan i 2009, der vi vil sjå fram til 2019. Men då, etter 2015, må Nyborgtunnelen truleg konkurrera med t.d. brua over Langenuen og strekninga Fjøsanger-Nygårdstangen i Bergen.

Vanskeleg samling

Både Nils Marton Ådland og Kåre Gaulen skjønar at det må godt politisk arbeid til for å vinna fram hjå dei som løyver vegpengane, nemleg Stortinget. Gaulen meiner at Nordhordlandspakken har vorte godt motteken i fylket, men det vert kanskje ikkje like lett å samla fylket dersom Langenuen i sør, Fjøsanger-Nygårdstangen i midten og Nyborgtunnelen i nord stiller side om side i konkurransen om god vilje og pengar.

— Dersom Nordhordland ønskjer Nyborgtunnelen innan rimeleg tid, så er det nok sikrast å satsa på 100 prosent bompengar, seier regionvegsjef Ole Chr. Torpp.