Regjeringa har ikkje nemnt Stad Skipstunnel i stadsbudsjettet for 2010.

— Dette er skuffande på bakgrunn av at LO har fronta dette sterkt. Vi hadde forventa at det vart lagt inn ein oppstartsstum. Det er veldig defensivt av regjeringa at dei ikkje er i forkant ettersom kvalitetssikringa er så nær, seier ordførar i Vanylven og medlem i prosjektgruppa for Stad Skipstunnel, Jan Helgøy.

— Beklageleg

Også Jarl Magne Silden i Sogn og Fjordane Fiskarlag, etterlyser tunnelpengar.

– Eg synest det er veldig beklageleg at det ikkje er sett av midlar til vidareføring. Når kvalitetssikringa er ferdig i løpet av 2009, burde det ha stått midlar klart, slik at det er klart til å byrje arbeidet når prosjektet har vore behandla i Stortinget i 2010, seier Silden til NRK Sogn og Fjordane.

Ikkje overraska

I Nasjonal Transportplan er det sett av 200 millionar kroner til Stad Skipstunnel i perioden frå 2015 til 2019. Ordførar i Selje, Gunn Helgesen, meiner difor at dette er i tråd med det regjeringa har sagt før. Ho er ikkje overraska over at det ikkje kom løyvingar for 2010 ettersom kvalitetssikringa ikkje er ferdig.

– Eg er glad for at regjeringa gjer som dei har sagt tidlegare. Eg håpar berre at kvalitetssikringa viser at samfunnsnytten er god, noko vi har forventningar om. Då er det berre snakk om kor tid pengane skal løyvast og når bygginga skal setjast i gong.

Ordføraren er utolmodig for at prosjektet skal iverksetjast.

– Vi som jobbar for prosjektet kjem til å stå på for at prosjektet skal skyvast fram i tid, og for at det i det heile tatt skal realiserast.

Kva meiner du om budsjettforslaget?