Fylkestinget har tidlegare prioritert Dalsfjordsambandet, men fylkesrådmann Per Drageset meiner no det blir for dyrt.

— Men dersom fylket kunne gjort seg nytte av ferjeavløysingsmidlar, ville arbeidet på sambandet truleg kunne starta, understreka rådmannen då han i går presenterte tilrådinga til Nasjonal Transportplan for dei kommande ti åra.

Samfunnet vil spare 270 millionar kroner på å leggje ned ferjesambanda Dale-Eikenes og Kjelkenes-Smørhamn. Men pengane må forskotterast, og renteutgiftene med forskotteringa vil åleine kome på 160 millionar. Det kan Drageset ikkje tilrå.

— Dette viser at ordninga med ferjeavløysingsmidlar ikkje fungerer etter føremålet på samband med låg trafikk, skriv Drageset i si tilråding. Han ber fylkestinget ta dette opp med Stortinget.

Bygginga av vegsambandet i Dalsfjorden starta på 70-talet. Men etter nokre år blei det stoppa, og andre prosjekt gjekk føre.