EGIL HORNE MIKKELSEN

Rett som det er går noko gale, sjølv om planlegginga og intensjonane har vore dei aller beste og heilt etter boka. No har det vel ikkje vore verre for meg enn for dei aller fleste andre, likevel vil eg gje eit døme på kva eg meiner, så får den enkelte sjølv trekkje sin konklusjonar.

EG ER EIN ENKEL MANN, som all min dag har vore oppteken av å leve eit enkelt liv. Alt anna er bortkasta krefter, det er no mi ringe meining. Eg meiner ikkje med dette at manneslekta ikkje skal ha høge mål og heile tida streve etter noko som er betre, det er berre det at det så lett kan verte for mykje av det gode. Og kva som er det gode er det ulke meiningar om.

No har til og med Financial Times funne ut det ikkje er sikkert at det er slik at økonomisk vekst gjer oss lukkelegare. Jøss, det tok si tid, og det vil nok ta endå ei tid før sjokkbølgjene når våre strender, i mellomtida seier eg som Hasse Alfredsson og Tage Danielsson lett ironisk i si tid sa om den svenske kvinnerørsla: «Låt dom hålla på....»

MEN, LIKEVEL, kor enkelt ein prøver å leve, så er det alltid noko som kan gå gale. Og kan noko gå gale, så gjer det gjerne det.

Til dømes: Kan ein tenkje seg noko enklare enn å gå på fjellet? Ja, det kan ein, vil kritiske røyster med overdriven sans for grunnleggjande logikk straks hevde: «Det er endå enklare å ikkje gå på fjellet!» Men lat oss no likevel seie at vi gjer det. Det er ein vakker sommardag, grå, men vakker. Etter eit par timar er vi oppe ved stølane som er målet for turen, då byrjar det å regne. Truleg er vi midt i ei regnbyge av historiske dimensjonar. Og når vi her snakkar om historiske dimensjonar, bør eg fortelje lesaren at vi er i eit område med ei uvanleg minnerik historie: Staden er omtala av Snorre, her slo vikingane kvarandre i hel i fryktelege sjøslag, «sjøen var raud av blod», skriv Snorre, det var her Atle Jarl vart drepen, og det var frå denne fjorden dei første landnåmsmennene drog til Island for å busetje seg der.

PÅ DENNE BAKGRUNN vil lesaren skjøne at det regna etter måten kraftig.

Tilbake i bygda etter nedturen sit vi i bilen berre iført gjennomvåte t-skjorter samt — og her må lesaren tilgje oss - ditto underbukser.

Ikkje akkurat noko for Snorres kongesoger.

TILFELLET VIL AT VI er bedne i kaffibesøk etter turen, men kvar og ein vil skjøne at det er ikkje det ein aller helst gjer i berre underbuksa hos menneske ein ikkje kjenner så altfor godt. Så vi køyrer fram til huset der slabberaset skal finne stad, og sitjande i bilen gjer vi det klårt at vi kjenner kleskoden der i bygda så pass at vi anar at vi ikkje er passande kledde.

HER KAN DET VERE på sin plass med ei aldri så lita saksopplysning: Dette skjedde i Sunnfjord, og svært velinformerte lesarar vil vite at kaffibesøk i Sunnfjord ikkje er som kaffibesøk andre stader i verda. Det heiter seg at sunnfjordingen ikkje er så nøye med middagen, berre kaffibordet er overfylt.

Og det viste det seg å vere i dette tilfellet.

Slik gjekk det til at vi bidrog til eit kaffislabberas som det truleg går gjetord om endå.