Osland var lærling då han skadde ryggen i eit uhell under arbeid på hustak i 1998. Han oppsøkte lege same dag, men vart ikkje langtidssjukmeld før våren etter. I retten fortalde han om store smerter i denne perioden, men at han tvinga seg på jobb fordi han var tilsett på prøvetid. I retten sådde If tvil om han verkeleg var sjuk, og ved tida før sjukmelding og meldinga om yrkesskade kom.

Men både dei sakkunnige vitna og retten meiner tømraren er truverdig, og at sjukdomshistoria er reell. If må dermed betale 1,45 millionar kroner pluss 166.000 kroner i sakskostnader.

Overfor avisa Firda opplyser informasjonsdirektør Jack Frostad at If enno ikkje har tatt stilling til korvidt dei vil anke denne saka.