I grunngjevinga for tildelingaheiter det at anlegget har redusert risikofylt rulleskiaktivitet på detoffentlege vegnettet i indre Nordfjord til eit minimum. Tidlegare gjekk om lagall rulleskiaktivitet på vegane, noko som utgjorde ein stor trafikal risiko forborn, unge, mosjonistar og utøvarar på høgt nivå. Med rulleskibana på Ullsheimhar Markane Idrettslag gjort ein stor innsats for å få aktiviteten inn på eintrygg arena. Bana er universelt utforma og høver såleis godt forhandikapidrett.

— Markane Idrettslag har gjort eingod innsats for trafikktryggleiken ved å få aktiviteten inn på eigna baner. Vier glade for at idrettslaget tek dette samfunnsansvaret og ønskjer å gje deihonnør ved å gje dei denne prisen, sa leiar i trafikktryggingsutvalet i fylket,Åshild Kjelsnes, i samband med utdelinga av prisen.

Prisen vart delt ut ved opninga avfylkestinget i dag. Klemet Bø, som er far til verdsmeistar i skiskyting TarjeiBø, tok imot prisen som er på 25000 kroner.

— Rulleskianlegget har vore eitstort løft økonomisk og ei ekstra bør for eldsjeler med mange plikter. Likevelhar rulleskianlegget vorte ein realitet. Det står no fram som eitt av deifremste rulleskianlegga for langrenn og skiskyting i landet, sa Kjelsnes.