Utlendingsnemnda har gjort om avslaget på familiegjenforening.

— Her er det glede både på mottaket og ikkje minst mellom søskena. Dei ser veldig fram til at foreldra skal komme. Det er trass alt nokre år sidan dei har sett mor og far, seier leiar Kåre Antonsen ved Solbakken asylmottak i Florø.

Frå fem til ni år

Det skapte sterke kjensler då Bergens Tidende i januar kunne fortelje at Utlendingsdirektoratet hadde sagt nei til søknaden frå fem somaliske søsken om å få mor og far til Norge.

Den somaliske søskenflokken Mohammed, Amal, Sabrini, Rama og Ibrahim kom til Norge utan foreldra for meir enn to år sidan. Eldstemann Mohammed er ni år, medan hjarteknusaren Ibrahim på fem er yngst i flokken. Etter at dei kom til landet har dei berre hatt telefonisk kontakt med foreldra.

Første året budde søskena på eit vanleg vaksenmottak på Austlandet. Men i mars i fjor blei dei overførte til Solbakken i Florø, einaste asylmottaket i landet med eigen avdeling spesielt tilrettelagt for ungar.

I løpet av sommaren

UDI meinte ungane ikkje hadde krav på familiegjenforening. Men den oppfatninga delte ikkje Utlendingsnemnda. Dei har gjort om vedtaket, etter at søskena klaga.

— Desse ungane har budd så lenge i landet at dei har blitt veldig norske. Det ville vore tragisk om denne saka skulle enda med utsending, slik det i ytterste konsekvens kunne skjedd, seier mottaksleiar Antonsen.

Det som står att no er å skaffe foreldra nødvendig dokumentasjon for utreise til Norge.

— Men av erfaring veit vi at det kan ta tid å komme gjennom byråkratiet i arabiske og afrikanske land, seier Kåre Antonsen.

Faren har i lange periodar budd i Saudi-Arabia dei siste åra. Dit har han, som mange andre somaliarar, reist for å finne arbeid. Mora har derimot vore att i Somalia.

Skal til Voss

— Den norske ambassaden i Riyadh i Saudi-Arabia er på mange måtar nøkkelen i arbeidet med å ordne det praktiske med å få dei hit til landet, seier mottaksleiar Antonsen.

Dei fem søskena skal snart flytte frå asylmottaket til ein fosterfamilie på Voss. Når foreldra kjem til Norge skal dei bu same stad.

— Vi reknar med at foreldra er på plass her i løpet av sommaren. Men kvar tid veit vi ikkje. Det kan ta frå to veker til tre månader, meiner flyktningekonsulent i Voss, Stig Sæthre.

Planen er at dei fem ungane skal flytte til Voss like etter 17. mai.

— Vi har tatt mot ganske mange store flyktningefamilier før, så det er ein situasjon vi kjenner. Det spesielle med denne familien, er at borna har budd så lenge vekke frå foreldra. Det blir ei spennande utfordring, seier Sæthre.

I Utlendingsnemnda kommenterer dei ikkje enkeltsaker. Advokat Heidi Bache-Wiig, som har representert dei fem, var heller ikkje tilgjengeleg for kommentar i går.

HJARTEKNUSAR: Fem år gamle Ibrahim har blitt meir som ein maskot for barneavdelinga ved Solbakken asylmottak i Florø. Gleda er stor over at Ibrahim og dei fire søskena hans snart får foreldra til Norge.
ARKIVFOTO: ODDLEIV APNESETH