TERJE ULVEDAL

Alt denne veka flyttar familien truleg ut frå Solbakken asylmottak og inn i eige husvære. Søskenflokken har budd på mottaket i snart halvtanna år. Meininga var at den somaliske familien skulle busetjast på Voss.

— Men Voss kommune greidde aldri å halde det dei lova. Utlendingsdirektoratet (UDI) har difor bedt om at familien får bu i Flora, noko vi har sagt ja til, seier leiar Kåre Antonsen ved asylmottaket på Solbakken.

Utan foreldre

Det var i vinter Bergens Tidende kunne fortelje om den somaliske søskenflokken Mohammed, Amal, Sabrini, Rama og Ibrahim, som kom til Norge utan foreldra for snart tre år sidan. Eldstemann Mohammed er ni år, medan Ibrahim på fem er yngst i flokken. Første året budde søskena på eit vanleg vaksenmottak på Austlandet. Men i mars i fjor blei dei overførte til Solbakken i Florø, einaste asylmottaket i landet med eigen avdeling spesielt tilrettelagt for ungar. Der har dei budd sidan.

Etter at dei kom til landet hadde dei berre telefonisk kontakt med foreldra. UDI sa nei til søknaden om familiegjenforening, men Utlendningsnemnda gjorde i vår om vedtaket. Mora har alt komme til Norge, faren kjem seinare i haust.

Kritisk til Voss

— Det blir ei stor utfordring å busetje denne familien. Men vi meiner vi har den kompetansen som skal til, seier Kåre Antonsen.

Han er derimot svært kritisk til måten Voss kommune har handtert saka.

— Dei har prøvd å presse staten for meir pengar for å ta imot denne familien. Sakshandsaminga har etter mitt syn vore heller dårleg. Eg fekk tidleg eit inntrykk av at Voss helst ikkje ville ta imot familien, og at dei leitte etter ein måte å seie nei på, seier mottaksleiaren i Florø.

Det siste avviser Ragnar Solbjør i Voss kommune:

— Det er rett at vi prøvde å få meir pengar ut av staten. Ved å busetje denne familien kunne kommunen fått store utgifter, som vi ikkje ville få dekka. Vi ville sikre oss mot at kommunen måtte bruke midlar av eige budsjett. Trass mange positive signal, kom det aldri til ei løysing som kunne gje grunnlag for eit forsvarleg mottak. Av den grunn sa vi nei, seier Solbjør.

Glad for Florø

Til Bergens Tidende seier Solbjør at han er glad for at familien no får slå seg ned i Florø.

— I dei månadene vi har jobba med denne saka, har tanken på familien vore vanskeleg. Vi er glade for at det blei Florø, der søskena har budd og er kjende i lokalmiljøet.

Det poenget innser også Kåre Antonsen.

— Men problemet er at familien dei siste månadene har vore innstilt på å flytte til Voss. Dei har vore på besøk der, sett huset dei skulle bu i og fått presentert kommunen.

FLORØ, IKKJE VOSS: Ibrahim, som var landets yngste einslege asylsøkjar då han kom til landet, blir buande i Florø. Voss kommune takka nei til busetje den somaliske familien.
ARKIVFOTO: ODDLEIV APNESETH