— No blir det Rock & Roll igjen her på Tvildemoen, jublar ein av språkteknologane overfor Bergens Tidendes nettutgåve.- Endeleg er vi i mål med det vi har arbeidd for i mange månader, kommenterer administrerande direktør Geir Arne Veglo.Saman med styreformann Ole Lund har han arbeidd målretta mot ein allianse med den amerikanske giganten etter kollapsen i belgiske Lernout & Hauspie (L&H).- Kan dette gje fleire arbeidsplassar?- Det er godt mogeleg. Vi arbeider for vekst i selskapet, og talet på medarbeidarar kan koma som ein konsekvens av det, seier Veglo.Han fortel at det no vert satsa for fullt på språkteknologiske produkt på norsk. svensk og dansk. Finsk er den næraste tida heilt uaktuelt, fordi IBM alt har gjort ein god jobb der.Avtalen går mellom anna ut på at IBM får lisens på å integrera NST sin språkteknologi i sine programvarer på dei tre skandinaviske språka.På den andre sida får NST lisens på å bruka IBM sin dikteringsteknologi i produkt som NST kan marknadsføra og selja under eige namn.Blant viktigaste kjøparane av slike produkt er sjukehus og andre helseinstitusjonar. Tekst som til dømes legar dikterer under arbeid med pasientar, vert automatisk omforma til datafil for elektonisk arkivering og eventuelt utskrift.Omsetting frå eit språk til eit anna, er eit viktig produkt for IBM. Med NST si hjelp, vil norsk, svensk og dansk kunne føyast til lista over språk som IBM-maskinene kan omsetta til eller frå.- Vi ventar den største veksten vår i Skandinavia, eit område som er kjent for å ligga langt framme på IT-fronten, seier administrerande direktør Endre Rangnes i IBM Norge.Han trur at den skandinaviske marknaden for språkteknologiprodukt har ein verdi på 2,5 milliardar kroner i løpet av tre år.Den nye alliansen gjer NST i stand til å tena pengar. Dei kan selja eigne produkt basert på IBM-teknologi, og får tilgang til IBM sine laboratorium, forsning og ekspertise i mange land. Dei blir også forhandlar av IBM sine datamaskiner og programvare. NST skulle i utgangspunktet driva utviklingsarbeid for belgiske L&H, for deira rekning og risiko. Pengestraumen stogga brått då rekneskapsjuks vart oppdaga. No sit grunnleggarane i varetektsfengsel. Sist torsdag gjekk politiet til ransaking på kontora til revisoren. Fredag vedtok eit ekstraordinært årsmøte at grunnleggarane ikkje lenger skulle ha rett til å peika ut fleirtalet av styremedlemer, og på ordinært årsmøte same dag vart nytt styre valt. I september er det slutt på rettsvernet mot konkurs, om ikkje styret kan presentera ein overtydande omstruktureringsplan.Veglo opplyser at NST har terminert avtalane med L&H og dei har til no ikkje teke til motmæle.