— Oppsiktvekkande, seier bustyraren, advokat Arne Laastad, til Bergens Tidende.

Men IBM sin målsmann på gårsdagens skiftesamling, Geir Nøklebye, meiner at kravet er vel fundert. Klart største posten er eit erstatningskrav på seks millionar amerikanske dollar, i tilfelle IBM ikkje får utlevert kopi av delar av NST sin språkdatabase.

Fylgde ikkje opp

— Vi krev berre kopi av dei delane av databasen vi treng for framtidig vedlikehald av dei produkta NST har utvikla for oss. Det vil ta 120 årsverk for oss å gjera arbeidet på nytt, seier Nøkleby til Bergens Tidende.

Sjølv om kostnaden med å laga ein kopi er bagatellmessig, vil bustyraren ikkje levera ut noko som helst før det er grundig vurdert om kravet held vatn, reint juridisk. Her finn han rom for tvil.

Problemet for IBM er at spørsmålet ikkje er endeleg avklara i den samarbeidsavtalen storkonsernet inngjekk med NST 25. juni 2001. Der står det i eitt av avtalepunkta at ein utfyllande avtale om tilgang til databasen skal inngåast seinare. Det vart aldri gjort. IBM meiner likevel at 2001-avtalen legg klare føringar.

— Eg kan koma i erstatningsansvar overfor andre interessentar som måtte ha rett til databasen, seier Laastad til Bergens Tidende.

Kamp om verdiar

I alle tilfelle er kravet ikkje pantesikra. Det kommunale Voss Eigedom AS, har derimot pant for vel 8,4 millionar kroner (lån og renter) av eit samla krav på knapt 9,5 millionar kroner, medrekna skuldig husleige. Det er likevel litt tvil om kor sterkt pantet står i nokre relasjonar. Det kommunale eigedomsselskapet kravde konkursen, og var største kreditor før IBM fleska til på fredag.

Bransjefolk som Bergens Tidende har snakka med, ser ikkje bort frå at IBM sitt krav kan vera strategisk motivert, ut frå eit ønskje om å ha ei hand på rattet dersom verksemda til NST vert vidareført, noko kommunen arbeider intenst med. Kravet fortel også at språkbasen slett ikkje kan vera verdilaus, som enkelte har hevda.

Til saman er det registrert rundt 20 krav på til saman vel 55,5 millionar kroner.