Her finst ingen kolsvarte gruvearbeidarar. Eit enormt ventilasjonsanlegg bles friskluft inn i gruva, det er berre så vidt det går an å kjenne støvet i lufta. Her er ingen som ålar seg fram på kne og olbogar for å minere ut fjellet. I Lefdal gruve er det høgt under taket. Hovudvegen er asfaltert, berre gul midtstripe manglar. Veldige salar opnar seg i etasjane nedover. Der syter datastyrte riggar for kirurgisk boring.

— Dette er verdas finaste gruve, meiner verksdirektør Steinar Kvalheim.

Langt ned i dalane

Køyrer du riksvegen frå Eid til Måløy er sjansen stor for at du aldri vil leggje merke til gruva i vesle Lefdalsbygda. Sjølv om gruveinngangen ligg berre eit steinkast frå hovudvegen. Men bak den smale porten inn i fjellet skjuler seg ein labyrint av vegar og gangar, nedover og nedover.

— Vi rekna ein gong på at dersom vegane her inne hadde lagt i friluft, ville det blitt firefelts veg frå Måløy og langt ned i dalane på Austlandet, seier Kvalheim.

Mot oss kjem ein diger lastebil. I sakte fart, fullasta med stein, på veg opp gruva, ut i dagen og til knuseverket og utskipingskaia på Bryggja nokre kilometer unna. Herifrå blir 520.000 tonn olivinprodukt frå Nordfjord skipa ut til alle verdshjørne kvart år.

Femte etasje

Utvinninga av olivin tok til i det små i Lefdal i 1971. Olivinførekomsten går nedover i fjellet. Mineralsteinen blir tatt ut på ulike nivå, eller etasjar. Mellom etasjane står pilarar tilbake, for å hindre at fjellet over rasar saman. Romma der det blir henta ut olivin er 18 meter høge, 13 meter breie og 120-130 meter lange. No er drifta så smått i gang på nivå fem, eller femte etasje som det like godt kan kallast. 102 meter under havoverflata.

— Med dagens produksjon driv vi i seks år på kvar etasje, forklarar gruvesjef Ove Sollid.

Kor stor førekomsten er veit ingen. Kjerneboring viser at det er nok olivin nedover til 30 års drift.

— Men vi veit at førekomsten går mykje lenger ned. Og han ser ut til å bli større til lenger ned vi kjem, seier Sollid. Kanskje så stor at olivinbeltet til og med går under Nordfjorden og opp att på sørsida. Det er nemleg olivin der òg.

Høgteknologi

I dag er det 34 årsverk i gruvedrift, knusing og utskiping i Lefdalsbygda og på Bryggja.

Gruvedrifta er høgteknologi. Når Per Totland klatrar opp i riggen for å bore ut til neste salve, er hans oppgåve å plassere borane etter instruksjonar frå pc-en han har i riggen. Når det er gjort, gjer resten seg sjølv. Boringa er datastyrt. Mannen i boreriggen skal berre passe på at alt går slik det skal.

Eit kommunikasjonssystem dekker 90 prosent av gruva. Inne i fjellet har dei sitt eige basseng som syter for vatn til boring.

For åtte år sidan tok amerikanskeigde North Cape Minerals (NCM) over drifta frå Frantzefoss Bruk.

Den lokale leiinga ved NCM vil ikkje uttale seg om eit mogleg oppkjøp av statsbedrifta ein dryg halvtimes køyring over fylkesgrensa til Sunnmøre.

— Men NCM har vore ein god eigar. Og så er det ein fordel med slik industri. Det går ikkje an å flagge ut, seier Steinar Kvalheim.

HØGTEKNOLOGI: Per Totland har ein pc i boreriggen. Når Totland har plassert borane, gjer datamaskina resten.<p/><FOTO: ØYSTEIN TORHEIM