• Norsk jordbruk er ikkje leveringsdyktig på den mest spennande marknaden, økologisk mat.

Kurt Atle Hansen, styreleiar i Oikos, organisasjonen for økologisk landbruk meiner saka om Petter Stordalen som ikkje får kjøpt økologiske matvarer til hotella sine, berre er den første i ei rekkje som vil kome. Hotelldirektøren vil tilby økologisk mat til gjestene, men opplever at Tine og Prior ikkje greier å levere. Stordalen meiner samvirkebedriftene motarbeider satsing på økologiske matvarer.

Organisasjonen som skal fremje økologisk landbruk fortvilar fordi arbeidet med omlegging av gardar til økologisk drift og vidareforedling knytt til lokale mattradisjonar går for seint.

— Norsk landbruk er i utakt med marknaden. Vi klarer ikkje å levere til kjøpargruppa som veks raskast, dei som etterspør moderne produkt dyrka fram slik at miljøet blir teke vare på, seier Hansen.

Feil signal

I Oikos er dei oppgitte over at einaste reine studieretninga innanfor økologisk landbruk kan forsvinne. Landslinja ved Sogn jord- og hagebruksskule i Aurland er fjerna i framlegget til ny struktur for vidaregåande opplæring. Skulen har vidaregåande kurs I og II, og driv omfattande kursverksemd innan økologi og småskala landbruksproduksjon.

— Dette er ei sak vi har engasjert oss sterkt i. Signalet som blir sendt ut dersom dette framlegget blir ståande, er det stikk motsette av det som trengst for å få til omlegging, seier Hansen.

Det er utvalet som arbeidde med ny struktur for vidaregåande opplæring i naturbruk som ikkje ønskjer at økologisk landbruk skal vere eige programområde, som det no skal heite. I staden skal det lagast ein meir generell studieplan der økologi blir eitt av fleire tema. I Aurland fryktar dei dette vil setje drifta av heile skulen i fare.

— Skal vi greie omlegging av landbruket som den raudgrøne regjeringa har sagt dei vil ha i Soria Moria, trengst fleire skular av den typen vi har i Aurland. Vi treng økologiske utdanningsmiljø som er forankra både i moderne matvaretrendar og lokale tradisjonar.

Tapar hos dei unge

Hansen meiner styremaktene står framfor ei formidabel utfordring for å nå målet om ein kraftig auke i økologisk matproduksjon. Det tek oftast to-tre år å leggje om frå tradisjonell til økologisk gardsdrift.

— Skal målet om 15 prosent produksjon bli nådd på ti år, må arbeidet starte no.

Kurt Atle Hansen meiner primærnæringane har ein lang veg å gå. Økologisk drift har så vidt starta i landbruket, og utgjer knapt fem prosent av arealet. I skogbruket har dei teke til å snakke om det, medan knapt nokon har tenkt på det innanfor havbruk og fiske.

— Norge er eit u-land for miljødokumentert matproduksjon. Norske matprodukt vil oppleve problem når marknaden krev dette, seier han.

Oikos meiner økologisk utdanning vil vere eit alfa og omega for å få ta i ungdommane som skal overta gardane. Styreleiar Hansen synest Universitetet for miljø og biovitenskap på Ås (tidlegare landbrukshøgskulen) følgjer for dårleg opp.

— Framtida for norsk landbruk vil vere økologisk produksjon basert på lokale ressursar og produktutvikling. Dette ser dei unge. Utan å gje dei tilbod om opplæring, vil landbruket tape kampen om å rekruttere dei flinkaste.

TRADISJONELLE SVIN: Langt dei fleste norske grisar blir avla fram på gardsbruk drivne tradisjonelt og slakta på store slakteri. Men stadig fleire forbrukarar vil ete økologisk svinekjøt.
Bjelland, Håvard
KURT ATLE HANSEN