EYSTEIN RØSSUMeystein.rossum@bt.no

Dei seks kosovoalbanarane er i same båt som om lag 4500 andre: Dei fekk kome til Noreg sommaren 1999 under krigen i Kosovo, og har enno ikkje reist heim.— Vi har ingen jobbar å gå til heime. Ein stad å bu har vi heller ikkje. Dessutan er det uroleg på grensa til Makedonia, seier Ahmet Sallahu (48), som leigde eit husvære i hovudstaden Pristina då dei måtte flykte.No bur dei seks i eit toroms husvære på Vestlandsheimen i Åsane. Eit UCK-merke på veggen minnar om heime. Det er sannsynleg at dei må attende dit. Regjeringa har sagt klart i frå om at dei fleste må rekne med å bli sendt heim - frivillig eller med tvang.

Vanskeleg val Sallahu fekk i førre veke brev frå Utlendingsdirektoratet (UDI) om at søknaden om asyl i Noreg er avslått. Innan 26. mars må familien bestemme seg: Vil dei klage på avslaget? Og viss dei klagar: Skal dei ta imot dei 75.000 kronene i tilbakevendingsstøtte og reise til Kosovo medan klagen blir behandla? Eller skal dei satse på å bli i Noreg så lenge som råd, og dermed misse støtta som fem av dei seks har krav på?- Det blir veldig vanskeleg for oss om vi misser dei pengane og så må reise heim. Vi veit ikkje kva vi skal gjere. Vi må snakke med advokaten vår først, seier eldstesonen Sead (20), som har lært seg godt norsk på månadane i Noreg.

To svar hittil Av dei 70 kosovoalbanarane på Vestlandsheimen Statlige Mottak er det hittil berre to familiar som har fått svar på søknadane om asyl. Medan Sallahu-familien tel på knappane, har dei andre bestemt seg for å reise heim.Det sit om lag 500 kosovoalbanarar rundt om på Vestlandet, ifølgje ferske tal frå UDI Regionkontor Vest. I førre veke viste statistikken, som UDI sjølve ikkje går 100 prosent god for, at svært få har fått lov til å bli så langt. Tre personar har fått asyl og ni har fått opphald på humanitært grunnlag.17 kosovoalbanarar frå Vestlandet hadde booka seg frivillig inn på UDIs fly til Kosovo sist fredag. Det store fleirtalet ventar framleis på svar på søknadane om asyl.Det er enno ei stund til dei første på Vestlandsheimen kan risikere å bli tvangssendt heim. Dei færraste har fått svar på den første søknaden, dermed vil det i alle fall bli april før politiet kan stå på døra for å kaste kosovoalbanarane ut av landet.