Dei to elevane gjekk i går i fakkeltog for å markera fusjonen.

Rivaliseringa mellom dei to skulane har rasa i årevis, og mange har vore skeptisk til samanslåinga.

— Det vert ei stor utfordring å få elevane til å skjøna at dei brått går under same fane. Fordommane har susa begge vegar i mange år, fortel elevrådsleiar Monika Skaten (17) ved Stord vidaregåande skule. No skal ho leia det nye, samla elevrådet saman med Stian Sætre (19), som før fusjonen var elevrådsleiar ved Stord yrkesskule og tekniske fagskule.

Stygge jakker

Me ber dei to elevane om å letta litt på sløret når det gjeld kva fordommar som er ute og går.

  • Yrkesskuleelevane har tradisjonelt hatt lite til overs for dei som går på idrettslinja på Stord vidaregåande, eksemplifiserer Sætre.

— Og på Stord vidaregåande vert det ledd ganske kraftig av dei stygge kjeledressjakkane som dei går med på yrkesskulen. Dessutan er det eit inntrykk at elevane røyker for mykje der oppe, kontrar Skaten.

— Jakkene ler me av sjølv, også. Og røykinga har du heilt sikkert rett i, innrømmer Sætre.

Begge to bryt ut i latter, i god von om at kulturskilnadene skal gå an å viska ut.

— Me trur det skal gå veldig bra på sikt, seier elevrådsrepresentantane.

Naturleg skepsis

Den nye storskulen får tett oppunder 1000 elevar og 180 tilsette - derav 160 lærarar. I Hordaland er det berre Årstad vidaregåande skule på Danmarksplass som er større, med sine godt og vel 1300 elevar. Rektor Egil Y. Bergesen innser at oppgåvene står i kø.

— Me har mange utfordringar framføre oss, men dei står me klare til å takla. Blant lærarane var det var ein del skepsis i starten. Det er det rimelegvis i alle slike prosessar. Eitt av motargumenta var at skulen no ikkje er samla under same tak. Men eg føler at alle dreg i same ende av tauet, slår Bergesen fast.

Farleg skuleveg

Studieinspektør Arne Steinsvåg deler sjefen sitt syn, men gjer merksam på at det finst feller.

— Éi av dei er det splitta fysiske miljøet. Identiteten er ei anna. Dersom me ikkje klarar å finna ein felles identitet, kan det fort verta syting, trur han.

Riksvegen som deler dei to skuleavdelingane skaper også hovudbry.

— Statens vegvesen rangerer vegstubben som den nest farlegaste i Sunnhordland. Denne må elevane våre kryssa dagen lang. Målet må vera å få til ein miljøtunnel som gjer skuledagen tryggare, seier Steinsvåg.

Faklar i mørket

Onsdag morgon gjekk elevar og lærarar i fakkeltog gjennom Leirvik sentrum for å markera fusjonen. Alle lysa var eit imponerande skue.

— Dette er jo heilt supert. Ein utruleg kjekk start etter juleferien, seier frisørelevane og kusinene Camilla Helen Heggøy (17) og Marilén Berntsen Slåtta (17). Begge er glade for å tilhøyra storskulen.