I surt og kaldt regn varma dei minste byborgarane seg med hurrarop for jubilanten. Målet for toget som gjekk gjennom sentrum var barnefest i Førdehuset.

Toget med elevar frå barnehagar og klassar i småskulen markerte starten på dagens markering av byjubileet. I kveld er det fakkeltog og jubileumsfest i Førdehuset. Mellom deltakarane der er Oddvar Torsheim, og Gisle Børge Styve Trio som skal ha konsert.

Jubileumsfeiringa blir avslutta med fyrverkeri på Festplassen.

ODDLEIV APNESETH