— Eg syns det no vil vere rett å vurdere tilbakemeldingane vi har fått gjennom media, og ta ein runde på dette i styra for selskapa, seier fylkesordføraren i Sogn og Fjordane.

Til Bergens Tidende seier Sandal at han forstår dei uvanleg skarpe reaksjonane:

— Men det er altså ikkje slik at Fylkesbaatane-namnet skal viskast vekk for all framtid. Vi skal halde på namna på dotterselskapa.

Ikkje ferdig utforma

— Men det er jo sagt at Fylkesbaatane i framtida skal heite Fjord 1 – Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. Det er vel ikkje rart at folk oppfattar dette som eit namneskifte?

— Generalforsamlinga har akseptert Fjord1 som namn på konsernet, og gitt klarsignal til å jobbe vidare med dette. Men korleis logoutforminga skal bli på ferjer, båtar og bussar er ikkje endeleg avgjort.

Ta på alvor

Namneskiftet har vore ein lang og omstendeleg prosess bak stengde dører i konsernleiinga og på styreromma.

— Syns du det er rett at eit slikt arbeid blir halde hemmeleg i eit selskap som folket i dei to fylka eig?

— Eg vil understreke at leiinga og styret har jobba lenge og grundig med denne saka. Men eg syns debatten vi har fått no er grei. Det veldige engasjementet viser kva desse selskapa betyr for folk og kor sterkt dei står. Det skal vi vere glade for.

— Er du overraska over dei mange og sterke negative tilbakemeldingane?

— Eg var budd på reaksjonar. Og dei gjer både inntrykk og viser at vi rører ved noko. Dette kan vi verken kimse av eller oversjå.

— Angrar du på at du godkjende Fjord1-namnet?

— Nei, situasjonen er at to selskap har slått seg saman, og treng eit nytt namn. Men det viktige for meg no er å gjere dette slik at Fylkesbaatane-namnet ikkje går over i historia. Og nok ein gong, om folk trur at Fylkesbaatane-namnet skal vekk, så er ikkje det tilfellet.

— Kjem du sjølv til å ta initiativ overfor styret om å drøfte dei skarpe tilbakemeldingane?

— Det vil eg gjere.