Det 59 år gamle klenodiet blir halde blank i pussen og topp teknisk stand av entusiastar i Dakota Norway.

Rundflygingar er ein del av inntektsgrunnlaget til den frivillige stiftinga, som har base for flyet på Torp flyplass, Sandefjord.

Dakotaen var absolutt i vinden på Stord lufthamn, og måtte fire gonger i lufta for å få med seg alle som ville fly med den ærverdige gamle dama. Raymond frå Leirvik er sterkt flyinteressert, men ikkje verre enn at hans yrkesplanar er godt planta på jorda.

Han kan meir tenkja seg å bli arkeolog enn pilot. I går fekk han ein rundtur i Dakotaen med styrmann Hans Petter Greve Bråthen (23) før avgang, og fekk mellom anna prøvesitja pilotsetet i cockpit.

Drammensaren Bråthen har nettopp avslutta flygarutdanning i USA, og har meldt seg til dugnadsteneste på den norske Dakotaen. Ein god praksis før han søkjer seg pilotjobb i eitt av våre større flyselskap.

— Det er kult å fly Dakota. Her må det jobbast i cockpiten heile tida, seier Bråthen. Som har floge godsrute med samme flytypen i den vestindiske øystaten Puerto Rico.

UNGE MENN OG GAMMAL DAME: Raymond Kristiansen (11) var blant mange som i går blei med styrmann Hans Petter Greve Bråthen i lufta med det gode, gamle Dakota DC 3-flyet frå Stord lufthamn.
FOTO: OVE A. OLDERKJÆR