— Det blir ofte sagt at du må ikkje begynne på noko. Du er over 90. Men vi er ikkje slik inni oss. Det er berre i følgje kalenderen at åra går, seier Tora Eskeland.

I ein frodig hage på Stord, der femti år gamle rosebuskar knoppar seg mot den varmande sola, sit Tora og Øystein Eskeland. Ho – energisk og pratande lik ein fjellbekk om våren. Han – tilbakelent med eit lunt smil og auge som lyser av kjærleik. Etter 70 års ekteskap. Korleis får dei det til?

Regndropar i sløret

— Det er sjeldan at to lever så lenge at dei får oppleve å feire jarnbryllaup. Det er nesten skammeleg umoderne, ler Tora.

— Me har arbeidd godt i saman i alle år. Vi krigar ikkje lenge, og prøver å gjere godt att så raskt som mogleg, legg ho til.

— Kanskje er det fordi vi er så forskjellige. Ho elskar folk rundt seg, eg likar å prate med dyra, smiler Øystein.

Eller kanskje skuldast lukka deira regndropene som fall på sløret til Tora, då dei gifta seg i 1933.

— Det hadde vore tørrvêr i lang tid. Då me var på veg til kyrkja på Utåker, sette regnvêret til, og eg fekk regndropar i sløret, minnest Tora.

Året før hadde Øystein Eskeland, som var son til rektoren på lærarskulen på Stord, kjøpt seg gard på Valen. Tora drøymde om å reise frå Utåker til byen. Jentene som kom heim frå byen var så fjonge og prata bymål.

— Eg kunne ikkje tenkje meg å bli bondekone. Det var før Øystein kom syklande til Utåker.

- Nesten frekt

— Han var ein framand gut, livleg og flott. Han sykla etter systera mi og meg. Det var nesten frekt. Men det var meg han slo an på, og det blei for evig, seier Tora og kikkar bort på mannen sin. Det var kjærleik ved første blikk og fjorten dagar etterpå var dei forlova. Øystein måtte sende brev til far sin for å fortelje at han hadde funne seg ei jente. Faren bad han gå til jenta sine foreldre og be om lov først.

— Dei sa ja med ein gong, minnast Øystein. Bryllaupet stod 1. juli i Holmedal kyrkje på Utåker. 80 gjester var innbedne, og dei fekk servert rauddravle før dei gjekk til kyrkje.

Himmelrike

Sjølv om samfunnet var prega av dei harde 30-åra, var gardslivet på Valen herlege år for Tora og Øystein. Dei eigde land frå fjord til fjell og hadde flott utsikt. Fire barn kom raskt til verda. Åshild, Severin, Tor og minsteguten Bjødne.

— Det var aldeles eit himmelrike, sukkar Tora. Når dei var ferdige med mjelkinga for kvelden, køyrde dei på tur med hest og kjerre.

— Då song me alle dei gode folkevisene frå den gong så det ljomte mellom liene, ler Tora.

Ein gong tok Tora hest og kjerre og køyrde åleine dei 13 kilometrane heim til familien på Utåker. Hesten heitte Lyna, og var heilt spesiell.

— Ho kunne opne alle grindene langs vegen med mulen. Eg trur det var elleve grinder, fortel Øystein, som heile livet har vore hesteinteressert.

Hesteeventyr

På Valen starta han oppdrett av fjordhingstar. Etter ein tur til Austlandet på midten av 50-talet, kom Øystein Eskeland heim med ein varmblodshest. Det blei starten på ei oppsiktsvekkjande karriere som oppdrettar og trenar av travhestar.

Han klarte å ale fram to derbyvinnarar – Winner Valen og Winner Stord. Ein heil reol i stova er pryda med store pokalar og sølvfat som vitnar om dei mange triumfane. I ein alder av 60 år flytta Tora og Øystein til Linddalen på Stord og til heimen til Øystein. Systera hans budde framleis heime og trengde tilsyn.

— Me var 60 år, men gjekk i gong med nydyrking. Kjøpte jord inntil eigedommen, hugga ned tre og dyrka ny jord, fortel Øystein engasjert.

Tek vare på romantikken

I 2001 brann stallen ned. På branntomten reiste Øystein sjølv ein ny flott stall kort tid etter. I ein alder av 91 år, gjev han ikkje opp. Nedi bakken går fjordingen Fløgstad Vilja og følet Stili Stord. Seks frittgåande høns spankulerer rundt. Øystein klarar ikkje å vera utan dyra. Både Øystein og Tora er forbausande oppegåande og kvikke.

— Me lever sunt, og har aldri røykt eller drukke alkohol. Eg har kokt og stelt for han i alle år. No steller han så fint for meg, seier Tora som kvar morgon kan stå opp til ferdig dekka frukostbord. Ho rår unge folk i dag til å ta vare på romantikken og impulsiviteten. Det er nøkkelen til eit langt samliv.

— Eg er like glad i han i dag som han er i meg, seier ho trygt.

Øystein nikkar samtykkjande. Sjølv etter 70 år kan romantikken leve.

FORELSKA: Tora og Øystein Eskeland (begge 91) feira 70-års bryllaupsdag 1. juli. Dei har 15 barnebarn og 15 oldebarn, og er framleis forelska i kvarandre. (FOTO: ARNE NILSEN)
FOTO: ARNE NILSEN