— Kurset for nybyrjarar er stappfulle, og vi er faktisk nøydde til å avvise folk, seier Åshild Stenevik, leiar i Sentrum Ju Jitsu Klubb.

Ho fortel at klubben stadig får førespurnader frå folk som vil at dei skal halde kurs, men no er dei nøydde til å seie stopp. Stenevik er ikkje i tvil om årsaka til den auka pågangen.

— Det heng saman med valdtektsbølgja som herjar Oslo. Folk ser at det er mykje vald, og ønskjer å lære å forsvare seg. Det kan jo like gjerne skje her, seier ho.

På kurset lærer deltakarane først og fremst korleis dei skal kome seg fri frå angripar. Ein treng ikkje vere stor og sterk for å skremme vekk angriparen, skal ein tru Stenevik.

Enkle, effektive teknikkar

— Vi lærer vekk enkle, men effektive teknikkar. Fokuset er på korleis ein kan kome seg ut av situasjonen med minst mogleg skade, seier kveldens instruktør, Morten Heiselberg.

Viktoria Chan og Ann Margret Vedvik følgjer nøye med når Heiselberg instruerer. Begge jentene har trent sjølvforsvar ei stund, og motivasjonen var først og fremst at det var ei annleis og spennande treningsform.

— Dessutan vil eg kunne forsvare meg i tilfelle noko skulle skje, seier Chan som kjenner seg meir sjølvsikker med innlærte teknikkar ferskt i minne.

Klubbleiaren seier det er lett å bli passivisert av eigen redsel, og at det difor er viktig å vere mentalt førebudd på kva som kan skje. Dersom ein på førehand har tenkt tanken, er det lettare å takle situasjonen.

— Vi snakkar ein del om haldningar, og om korleis ein kan bruke lyd for å få merksemd frå andre som kan hjelpe, fortel Stenevik.

- Tren regelmessig

Både jenter og gutar er interessert i å lære sjølvforsvar, men klubbleiaren etterlyser fleire jenter.

— Sjølvforsvar er viktig for alle å kunne, men særleg for jenter, som er fysisk svakare enn gutar.

— Kan det å ha delteke på sjølvforsvarskurs gje falsk tryggleik?

— Svært stiliserte måtar å trene sjølvforsvar på kan gje falsk tryggleik, men her prøver vi å lære deltakarane å takle verkelegheita. Det inneber at vi brukar frie slagkombinasjonar slik at ein lærer å takle kaoset som oppstår i kamp, seier Heiselberg.

Han understrekar at det krevst ein god del trening for å øve opp refleksane.

— Folk gløymer fort, og difor er det viktig med mange repetisjonar. Men all trening er betre enn ingenting

For sjølvtilliten sin del

Også Kvinner i Kamp arrangerer sjølvforsvarskurs i Bergen, og instruktør Ann-Kristin Sire rapporterer om auka pågang. På denne tida i fjor blei det ikkje haldt kurs på grunn av for lita interesse, men no er situasjonen annleis. Neste kurs i Bergen blir 17.-19. mars, og Anette Skogseth Klausen er ei av dei som har meldt seg på. Ho er mest oppteken av den mentale gevinsten.

— Eg ønskjer å få sjølvtillit til å våge å gå tur om kvelden sjølv om det er mørkt, seier Klausen som fortel at ho har blitt meir engsteleg den siste tida. Det skuldast mediefokuset som har vore på overfall og valdtekter.

— Eg merkar at eg kvir meg meir for å gå ut, og slik vil eg ikkje ha det. Eg håper at eg kan lære teknikkar på kurset som gjer at eg kjenner meg tryggare, seier Klausen.

Silje Katrine Robinson