I over fire år har mora og faren kjempa for å få heimkommunen til å vedgå at dei gjorde ein feil då dei sende ut eit journalnotat om at dottera var utsett for eit overgrep.

I same notat står det også at dei to foreldra har «psykiske vanskar». No strevar foreldra med det dei opplever som falske skuldingar mot seg.

I går fortalde BT om korleis dottera deira, den gong 14 år gammal, i 1978 gjekk til helse— og sosialsjefen i kommunen for å få hjelp. Ho fortalde at ein gjeng gutar hadde valdteke ho med ei sleiv.

Dottera blei send til gynekolog og psykolog i skuletida. Saka blei aldri meld til politiet. Foreldra blei aldri varsla.

- Me er forferdeleg skuffa over korleis kommunen har behandla oss, både då og no, seier faren og mora. BT har anonymisert både foreldra, dottera og kommunen.

Det usanne

Bakgrunnen er at hordalandskommunen i ei barnefordelingssak sendte ut notatet til dotteras eksmann. Resultatet var at informasjonen blei spreidd på bygda — både om overgrepet dottera hadde fortald om - og foreldras «psykiske vanskar».

Dei psykiske problema er ikkje dokumenterte i journalen. Etter foreldras syn, er påstandane feilaktige. BT har sett fastlegens vurdering. Det står ingenting om psykiske vanskar eller sjukdom.

- Me vil ha sletta det som er usant, slik at kommunen ikkje skal ha informasjon om vår familie som dei kan bruka mot oss mange år etterpå, seier mora.

Foreldra har tatt det tungt at hordalandskommunen gjennom å sende ut informasjon har delteke i, slik dei ser det, å spreia rykte.

- Eg kjem aldri til å gløyma dette. Og eg likar ikkje at dottera mi er blitt trakka på, seier faren.

Verseringa

Sidan 2008 har saka om brot på teieplikt og krav om å få sletta uriktige opplysingar frå barnevernsjournalen versert hos Datatilsynet, Sivilombodsmannen og Riksarkivaren. Hordalandskommunen har tilbydd ei anna løysing: Å leggja ved eit tilleggsnotat og ei legeerklæring, eigenerklæring eller anna dokumentasjon om at foreldra både var og er psykisk friske.

Dette vil ikkje foreldra, sidan informasjonen framleis blir verande i dokumentet dei tidlegare fekk læra blei brukt mot dei.

Advokaten til foreldra, Erik Kjeldsen, reagerer på at det har teke snart fem år utan at foreldra kjem nokon veg.

- Det er hårreisande korleis kommunen har behandla denne familien. Me har brukt lang tid berre på å koma i dialog. Om det skuldast at dei fryktar eit erstatningssøksmål, veit eg ikkje, seier Kjeldsen.

Fylkesmannen i Hordaland har kritisert kommunen for at dei sende ut delar av informasjonen i journalen - delen som identifiserer gutegjengen som skal ha stått bak valdtekta av dottera.

Å redigere fortida

Saka er framleis til handsaming hos Datatilsynet, etter at tilsynet først gav kommunen beskjed om å sletta opplysingane om foreldra. Sidan har saka versert fram og tilbake. Hos Datatilsynet seier informasjonsdirektør Ove Skåra at dei kvart år får inn nokre tilsvarande saker. Til dømes kan det vere påstandar om incest som blir verande i journalar, sjølv om dei er tilbakedrivne.

- Folk opplever det som svært belastande. I mange konfliktar blir udokumenterte påstandar slengt fram, og så blir dei verande, seier Skåra.

Men Datatilsynet seier likevel at omsynet til desse personane går bak omsynet om å ikkje redigera fortida. Dei føretrekkjer, på same måte som hordalandskommunen, at informasjonen blir korrigert i eit nytt notat som skal følgja originalen.

- Det skal mykje til for å sletta informasjon. Me må også vurdera historiske omsyn om å dokumentera kva som skjer i sanntid. Tidlegare har det vore vanleg å sletta, men vi har episodar der brukarar har lidd fordi informasjon er blitt sletta, seier Skåra.

Ikkje diagnose

Medan foreldra har kjempa for å få sletta opplysingane, har kommunen sjølv halde fast på å la opplysingane frå 1978 stå.

Hordalandskommunen grunngjev det med at foreldras «psykiske vanskar» står som ei opplysing gitt i ein barnevernsjournal - og ikkje er ein diagnose gitt i ein medisinsk legejournal.

- Utgangspunktet vårt er at det er den som melder inn informasjon si oppleving skal bli tatt på alvor, sjølv om informasjonen ikkje er underbygd av til dømes ei medisinsk diagnose. Om opplysingane er avgjerande i ei sak, undersøkjer vi for å verifisera eller avkrefta dei, seier assisterande rådmann i kommunen.

- Vil bli lamma

For å kunne etterprøva tidlegare informasjon, er det problematisk å sletta noko, meiner han. At gamle opplysingar blir ståande, dokumenterer kontakt og gjer og at sakshandsamarar får vita den historiske samanhengen. Difor er det betre å leggja ved tilleggserklæringar, slik kommunen har tilbydd, enn å redigera fortida, meiner han.

- Om vi berre skulle ha teke inn opplysningar med ein medisinsk diagnose, og ikkje opplysningar frå barn eller observasjonar frå skulen, betyr det at veldig lite kan bli ført i ein slik journal, seier han.

- Det vil auka terskelen vesentleg for å få saker meldt til barnevernet. I praksis vil barnevernstenesta bli lamma. Ei overordna problemstilling for barnevernet, har vore at for lite er blitt journalført, seier assisterande rådmann.