Dei og fleire lokalpolitikarar reagerer sterkt på at ordførar Helge Hauge i sommarferien samtykte til ei justering av anleggsplasseringa utan å rådspørja dei eller formannskapet, skriv bladet Tysnes.

Ordføraren forsvarer handlemåten med at den endra plasseringa ikkje er stor.

— Saksbehandlinga kunne sikkert vore gjort annleis, men sidan endringa ikkje førte til nye konsekvensar, valde me denne framgangsmåten. Kommunen må vera i stand til å handtera saker også om sommaren, meiner Hauge.