— Dette er resultatet av at kommunen har sove i timen, tordnar grendaleiar Birger Skår. Ifølgje Skår har ikkje kommunepolitikarane lagt til rette for naturleg husbygging i Haus. Det har ført til at prisane har auka dramatisk. Når Statskog så sette i kraft den nye tomtefestelova 1. januar i år som held seg til marknadspris, vart resultatet at dei 118 som bygslar tomter på prestegardsjord i bygda fekk seg litt av eit sjokk.

Klaga inn saka

Bjarne Langhelle, festetomtleigar og Høgrepolitikar, er blant dei som fekk merke lovendringa. I fjor betalte Langhelle 450 kroner til Opplysningsvesenets fond, som eig jorda han bur på. I år er prisen sett til 7700 kroner av Statskog som er innleigd for å sette taksten.

— Eg har klaga til Statskog, men har ikkje fått svar. Eg var ikkje klar over at kontrakten min var gått ut. Dei burde ha informert tidlegare, seiar Langhelle.

Får smake eigen medisin

— Takstmannen vår har treft spikaren på hovudet og gjort jobben sin. Prisauken skyldast ein feilslått politikk. Var jo greitt det trefte Langhelle. Som Høgrepolitikar får han smake sin eigen medisin. Det var sørgjeleg lite som vart gjort med tomteproblematikken då han sat i kommunestyret, humrar Nils Lygre hjå Statskog.

Han vektlegg at det ikkje er Statskog sin takstmann, men marknaden som fastset prisen. På Haus er det akutt tomtemangel. Difor vert prisen skyhøg.

— Eg forstår reaksjonane. Dei som er ramma kan klage og krevje ny takst etter skjønn, eller Opplysningsvesenets fond kan som eigar velje å gå ned i pris. Statskog skal ta del i møte som vil finne stad 21. februar, så får me sjå, seier Lygre.