I 2005 vart turnveteranen råka av kreft i hjernen. Men så viktig har idretten vore for Helge, at han nekta å sleppa taket.

Sidan han var ni år gamal har Helge Nilsen (67) drive med idrett. Oppvaksen i Salhus som han er, sto valet mellom turn og friidrett. Det vart turn, ikkje fordi talentet tilsa det, men fordi brørne dreiv med turn og på sett og vis allereie hadde valt livskurs for minstebroren, den yngste i ein syskjenflokk på seks.

– Eg var aldri noko talent, korkje i turn eller friidrett. I klubbmeisterskapen vart eg støtt nummer tre, ikkje fordi eg var den tredje beste, men fordi vi var tre i min klasse, humrar Helge.

Det glimtar framleis i augo til Helge, guten som eigentleg aldri vart skikkeleg vaksen. Meir enn for framifrå turnprestasjonar, utmerka Helge Nilsen seg for sitt sprudlande humør, sin smittande latter, sin lettlivnad. Helge Nilsen var muntrasjonsrådet, ablegøyemakaren, maskoten, og slik blei han det sosiale midtpunktet i alle gruppene han vart ein del av.

Han var den minste og mest klønete av nissane i nissetroppen til Salhus Turn og Idrettslag, men han var den sjølvsagte sjefsnissen. Den vi ungane i salen gledde oss mest til å sjå. Alltid sistemann inn, med stor pute på magen, og det var polstring som kunne koma vel med, for Helge sparte seg aldri når det gjaldt å få ungane til å le. Stupte med hovudet først inn i kassen som dei andre nissane flaug over i meir og mindre elegante svev. Sprang rett på andre nissar og lagde kaos der andre prøvde å skapa orden. Snubla i eigne bein.

Det låg liksom naturleg for Helge.

Som ved ein lagnadens ironi treng han i dag ikkje gjera seg til for å vera klumsete og motorisk utilstrekkeleg. Helge greier å ta seg fram, men brukar tid, er utrygg og snublar lett. Sjølv på flat mark.

Parketten i gymnastikksalen på Salhus skule er velbrukt, men så flat som flatt kan bli. Likevel må Helge anstrenga seg for ikkje å trø feil og ramla. Snart tuslar han av golvet for å følgja resten av opp-varminga frå stolen sin nett innanfor døra.

Stundom kan vi sjå at det gjer vondt, ikkje fysisk, men mentalt — ikkje å makta, ikkje å meistra. For nett her i gymnastikksalen har Helge hatt sine kjekkaste kvardagar, sine gladaste stunder. Her har han lært å bruka kroppen sin. Iblant smertar det langt inn i sjela å sjå korleis han strevar utan å få til det som var sjølvsagt for han før, og som bidrog til livskvalitet.

– Jau, eg har mine tunge stunder, eg må vedgå det, seier Helge.

– Du veit, eg har god tid til å tenkja, og til å sakna dei tinga eg brukte å lika. Du tenkjer ikkje på slikt når du er frisk, du tenkjer ikkje på risikoen for at du skal bli sjuk og mista førlegheit og dugleik. Når du er frisk, tek du alt for gitt.

I eit gjennomsnittsliv kjem forfallet gradvis og litt etter litt. Kan hende er tap av fysisk kapasitet lettare å akseptera når det er eit resultat av år og alder og opplevest som ein prosess.

Helge fekk ikkje tid til å førebu seg på det som skulle koma.

Oktober 2005. Helge er i småbåthamna i Salhus for å hjelpa til med å trekkja presenning over ein båt. Brått kjenner han at han misser balansen. Det første varselet.

Siste sundagen i november er han på korseminar med Bergen Nord Kammerkor. Med eitt får han dobbeltsyn som ikkje vil gje seg. Helge må gå og setja seg.

Dagen etterpå køyrer han på nødhjelpen i Bergen. Han blir straks innlagt på Haraldsplass. I løpet av den veka forsvinn finmotorikken på heile den venstre sida av kroppen. I byrjinga trur helsepersonellet at Helge har hatt hjerneblødning. Det er først når hjernen blir scanna at svulsten blir funnen.

– Så stor som ei hasselnøtt, fortel Helge.

Svulsten sit slik til at han ikkje let seg fjerna kirurgisk. Helge får beskjed om at cellegift og stråling er den behandlingsmetoden dei må setja si lit til. Viser den seg ikkje å virka, har han berre veker att å leva, får han vita.

– Det var brutalt. Eg trudde ikkje eg kom til å overleva.

På treningskveldane fretta vi nytt frå sjukehuset. Dei første rapportane var heller dystre, diagnosen i seg sjølv var slik at vi nok var fleire som tenkte at vi ikkje kom til å sjå Helge att. Sidan kom det gode meldingar om at svulsten ikkje vaks, at sjukdomen var under kontroll.

– Eg var heldig og fekk god behandling, seier Helge.

I månadsskiftet januar/februar, ei dryg veke tidlegare enn planlagt, blir behandlinga på Haukeland avslutta. Legane har lukkast i å stabilisera svulsten.

Helge har kledd alle verv i Salhus Turn og Idrettslag, og gjennom heile livet sitt har han vore ein ivrig forbrukar av det lokale idrettstilbodet. Kvar måndag klokka åtte var Helge på plass, og då kråa hans i garderoben vart ledig, var tomrommet mykje større enn ein ekstra tilgjengeleg kleskrok er i stand til å visa.

Ein måndag var Helge attende i garderoben, på sin faste plass i kråa nett innanfor døra. Det var ein god dag for han, og ein god dag for oss. Mykje kunne, og kan han framleis, ikkje vera med på, og vi kan berre tenkja oss kor stor frustrasjonen over det må vera. Men det var som om gruppa var heil att, berre ved at han var der.

Helge synest det er sårt med alt han ikkje lenger kan. Stryka til fjells, bruka båten, dansa. Kurvballkampane, rosina i pølsa på treningskveldane i Salhus, er det også vondt å gå glipp av. Her brukte Helge å delta med liv og lyst. Utan nokon særskilt gåverikdom for sjølve spelet, men med eit uvanleg talent for leiken og låtten og levenet.

Helge spreier framleis liv og lått og godt humør, men det avgrensar seg no til det verbale. Du finn ikkje lenger Helge kravlande på parketten, eller dinglande i ringane, men frå stolen sin observerer han og kommenterer. Og når kampen er slutt, kjem det gjerne ei fagleg høgst ukvalifisert, men dess meir imøtesett oppsummering av oppgjeret.

– Dei kvite var gode, kan Helge meina.

– Men framfor målet var de skrale, alle saman.

Sluttresultatet klarer han aldri å halda greie på.

Helge kjenner ikkje sluttresultatet for seg sjølv heller. Han veit ikkje om den dagen kjem då han kan ta opp att dei ak-tivitetane som tidlegare gav han slik glede. Han veit at den største framgangen gjer ein i den første tida under opptrening, og den, innser Helge, har vore.

Men han er glad han har idretten, kameratskapen, samhaldet.

– Det har betydd, og betyr, enormt mykje for meg. Det er heilt fantastisk korleis miljøet bryr seg og tek seg av meg, seier Helge.

FAST PLASS: Helge Nilsen har fast plass i kråa nett innanfor garderobedøra. Berre å knyta skoa tek si tid når motorikken har svikta. Eivind Toppe til høgre, Gunnar Nødland til venstre.
Silje Robinson
MED PÅ DET HAN KAN: Liggjande på golvet klarer Helge seg godt. Her er det bukmusklane som får kjørt seg.
Silje Robinson
PÅ SIDELINJA: Kurvballøkta er høgdepunktet på treningskvelden. Helge brukte å delta med liv og lyst. No må han sjå på når Eivind Toppe og dei andre kosar seg med ball.
Silje Robinson
BORTSKJEMT: Måndagskvelden er heilag for Helge. Også onsdag føremiddag er han med på trening i regi av Salhus Turn og Idrettslag. Der vert han aldeles bortskjemt av alle som vil hjelpa han. T.v. instruktør Geir Johannessen og Eivind Toppe.
Silje Robinson
SÅRT SAKN: Gruppa vart på sett og vis heil att då Helge kom attende i gymnastikksalen. Sjølv opplever han det som litt sårt at han ikkje kan vera med på same måten som før. Men det er visst slik det er. Vi går ut på dato, seier Helge.
Silje Robinson