Beckhams idylliske ekteskap og familieliv har alltid stått i sterk kontrast til andre fotballspelarar sine skandaliserte privatliv. Trufast og rein har han vist oss kona Victoria sine initialer tatovert på innsida av handleddet. Som ikon og merkevare har han vore uslåeleg, vakker som ein gresk gud, ein omsorgsfull far og ikkje minst ein av vår tids største idrettsmenn. Ei kjent vandrehistorie går ut på at sonen Brooklyn (5) trøstar den gråtkvalte veslebror sin Romeo med orda «Our dad is David Beckham!». Ingen små gutar kan halde fram å grine etter denne informasjonen. Det seier seg sjølv.

Det er såleis ikkje berre Beckham som misser uskulda si med utruskapsrykta, men heile den moderne ekteskapelege institusjonen, familieidyllen, slik vi har lært å kjenne han gjennom The Becks.

Sleazy Senorita

Den dobbeltmoralske sladreavisa The Sun har endra fullstendig syn på Victoria Beckham i løpet av påsken då rykta først kom ut via News of The World. Ho som tidlegare har vore stempla som ei egoistisk karrierkvinne, er no i ferd med å bli eit ikon og eit førebilete som god mor og ektefelle. Rebecca Loos blir derimot konsekvent omtala som «The Sleazy Senorita» i The Sun. Nokon skal jo ha skulda for å velte vårt felles kjernefammilieideal.

Ifølgje News of the World er det Victoria sjølv som har skulda for ektemannen sine eskapade: Han skal visstnok ha hata den tynne kroppen hennar, som har vore eit skikkeleg turn-off. Problemet med Posh-spice er, skal vi tru ein spaltist i The Mirror, at ho ikkje er Posh nok. Kven kan klandre Beckham for å ligge med ei jente som er meir posh enn Posh? I tillegg til å vere for tynn, ser Victoria ut som ein gut, skal vi tru sladrepressa.

Moderne pressehistorie er full av skandaliserte utruskapshistorier der Charles og Diana førebels toppar, sjølv om vi endå hugser Sarah Fergusons utanomektskapelege affære med John Bryan, som låg på ei solseng og sleika føtene hennar. Bill Clintons sigarføring med Monica Lewinsky er den historia med størst potensielle politiske konsekvensar. Woody Allens kjærleiksforhold til adoptivdottera til sin tidlegare sambuar Mia Farrow, representerter eit av dei mest utenkelege, ultimate svika. Den engelske landslagssjefen Svennis' omgang med den svenske verdama Ulrika Johnsson, skapte den førre utruskapsbølga i England, og i Norge har vi framleis Terje Søviknes' vekst og fall friskt i minne.

Ingen alternativ kjærleik

Sjølv om vi tilsynelatande har blitt meir seksuelt frigjorde med tida, meir liberale og tolerante, er det få ting som gjer folk meir moralsk forarga — eller skadefro - enn andre sine sidesprang. Åja, dei har sine svin på skogen dei òg, kan vi tenke med eit flir når vi høyrer om høgprofilerte par som slår sprekker. Og ingen av dei som er skulda for å vere utru har så langt sett journalistane rett inn i augene og sagt at «kanskje har eg vore utro, kanskje ikkje. Det er uansett ikkje dykkar bisniss».

For det er vår bisniss, syns vi. Det er ingen vits i å skulde på blodtørstige journalistar så lenge det er vi som kjøper avisene og kastar oss først over skandalane dei skriv om.

— Utruskap er døme på eit samfunnstema som vi ikkje vil diskutere, seier kjønns- og medieforskar Wencke Mühleisen.

— Det finst ingen rom for å diskutere andre former for kjærleik eller alternative måtar å organisere liva sine på enn det som er normalen. Avvik som seksuelle utruskap blir derfor vist til det kulturelt lave, som til dømes porno, eller det blir skandalisert i media, seier ho.

Eller det blir vist til samtale - og terapiromma. På eit av desse romma sit psykiater Atle Roness:

— Erfaringa mi frå snart førti år som lege og samlivsrådgjevar er at dersom ein ikkje gjer noko aktivt for å få et forhold til å fungere, går det før eller sidan i stykker. Ein må investere i samlivet ved å bruke tid og engasjement på det. Kjærliken er ikkje berre ei lystkjensle som ein er så heldig å oppleve, men på mange måter ein kunst som krev fantasi og kreativitet, seier Roness.

Det moderne kjærleiksforholdet er ein skrøpeleg konstruksjon. Der det tidlegare var ei rekke ting som heldt mannen og kvinna saman, som religion, tradisjon og arbeid, er det i dag berre dei reine kjenslene og den seksuelle kjemien tilbake.

— Nokon gir litt for lett opp når dei møter motstand. Vi brukar ikkje same argumentasjonen overfor vener: at vi skal berre vere vener så lenge vi har gode kjensler for kvarandre. Det er eit spørsmål om vilje også. Ein må gå på jobben sjølv om ein ikkje alltid har like lyst, seier Roness.

Og dermed har han lansert den mest brukte metaforen for å få eit forhold til å fungere: Arbeid.

Kjærleikens blodslit

Har du gitt deg i kast med kjærleiken må du altså vere førebudd på ein hard og livslang arbeidsinnsats, eit kontinuerleg blodslit i god protestantisk ånd. På den eine sida skal det vere kjenslemessig full klaff når to menneske inngår i kjærleiksforhold - og på den andre sida skal det vere hardt arbeid for å halde kjenslene ved like. Dette er eit tilsynelatande paradoksalt og umogleg prosjekt. Er det rart det går gale?

Wencke Mühleisen hevdar at det er samtale - og terapiromma som forvaltar statens normer og satsar for korleis kjærleik, kjønn, seksualitet og reproduksjon, skal bli forvalta i nasjonen sine interesser. Nyforelska par blir oppmoda om å førebyggje framtidige katastrofar gjennom kursing for par, og retorikken er velkjent: Eit langt kjærleiksforhold krev innsats.

— Når kjærleik og begjær er organisert via kontraktar og rekneskap med truskap som profitt og overskot, regulert av tariffavtalar for å halde partane på plass - er det svært tankevekkjande, meiner Mühleisen.

Ho meiner at utruskap må sjåast i ein større samanheng; I eit samfunn der fellesskap og politikk handlar om privatisering av behov, blir det private den einaste arena for lengselsfulle førestellingar om framtida. Og nettopp draumen om endring er kjernen i utroskapet, meiner Mühleisen.

— Utruskap blir aldri diskutert som noko anna enn svik og ansvarsløyse, men det kan også vere uttrykk for eksistensiell lengt bort frå dei dominerande samfunnsstrukturane.

Med ein skilsmissestatistikk på 50 prosent, er det mykje som tyder på at vilkåra for det tradisjonelle samlivet mildt sagt er under press. Likevel tviheld ein på institusjonen ekteskap - og er ifølgje Mühleisen ute av stand til å diskutere andre former for samliv.

Ingen reell fare, eller?

To av fem danskar er i følgje ei ny undersøking utru. Ettersom dei fleste sidesprang skjer på jobben, vil store danske arbeidsplassar no stille sexologar til disposisjon. Her er det med andre ord snakk om å yte ein felles innsats, nærmast ein dugnad, for å løyse det som blir sett som eit felles problem.

— Vi har kome så langt, meiner Wencke Mühleisen, at vi kan ta ordet seriemonogami i vår munn. Alt anna, som ikkje er monogami, er einstydande med forfall, katastrofe og skandale. Løysninga på utruskap, er enten resignasjon eller å velje det som berre har negative assosiasjonar, seier Mühleisen.

Ingen av delane er særleg forlokkande for hovudpersonen i Rønnaug Kleiva sin siste roman «Ingen reell fare». Boka handlar om ein mann i femtiåra, som ikkje greier å velje mellom kona og elskarinna si. Full av tvil er han fullstendig ute av stand til å handle.

— Å tvile blir tradisjonelt sett på som svært umandig, men det er jo strengt tatt ikkje noko gale i å tenke seg om i slike situasjonar, seier Kleiva.

Medan Kleiva meiner ho har skrive ein generell roman om tvil og kjærleik, meinte ein kvinneleg lesar noko anna. Ho meinte romanen handla om henne og mannen hennar og følte seg utlevert. Kvinna gjekk i fjor haust til sak mot forlaget for å få fiksjonen stoppa, men vann ikkje fram i namsretten. Om kvinna ikkje var utlevert frå før, sørgje ho såleis for å gjere det sjølv, gjennom Kleiva sin roman.

I ein annan roman, «Etter Kaffen» av Anne Oterholm, går 39 år gamle Hanne gradvis ut av morsrolla, og lar seg forføre av dottera sin 27 år gamle kjæraste. «Utruskap interesserer meg ikkje», sa Oterholm til NRK i fjor: «Eg skriv eigentleg om døden».

I «Erotismen» skriv Georges Bataille nettopp om desse tilstandane der menneska gløymer at dei skal døy. Den første tilstanden er begjæret, den andre er forelskinga og den tredje er den religiøse ekstasen. Alle står i sterk kontrast til det harmoniserande, stabiliserande idealet om lykke.

Lykke? Nei-takk!

— Lykken er jo gørrkjedelig, seier litteraturprofessor Ellen Mortensen.

I all stor litteratur er det den prøva, tragiske, utanomekteskapelege kjærleiken som står i fokus frå «Illiaden» via Dantes «Den Gudommelige Komedie» til Flauberts «Madame Bovary», Shakespeares «Romeo og Julie», you name it. Det er ikkje akkurat eit lykkeland litteraturhistoria skildrar for oss.

— Det er mykje som får utløp i litteraturen, som på mange måtar fungerer som kulturens ventil, seier Mortensen.

Ho minner om at 46 prosent av befolkningen er registrert som einslege i Norge, men at barnefamiliane likevel står i fokus i dei fleste samanhengar. Mortensen kallar det familiefundamentalisme:

— Det er ein veldig sterk ideologi som dei aller fleste må forhalde seg til, seier ho og peikar på at dei homofile, etter at dei er blitt deltakande i «det gode liv», er blant dei som i dag har sterkast tillit og tru på den ekteskapelege institusjonen.

Mortensen har som føredragshaldar møtt fleire borgarfruer som også sverger til denne familieideologien, men som likevel les og blir fascinert av forfattarar som til dømes Oscar Wilde.

— Det er altså ikkje så gale med grenseoverskridande seksualitet, at dei ikkje kan lese om det, eller tenke seg tanken, seier ho.

Det som brenn og blir borte

Det er likevel vanskeleg å sjå føre seg eit samfunn utan at seksualiteten blir regulert på ein eller annan måte. Det er når vi blir kvarandre sine overvakarar, at romantikken har ein tendens til å forsvinne, meiner Wencke Mühleisen. Men er utruskap nødvendigvis den beste løysinga for å gjenopprette tapt romantikk?

På vegne av alle trufaste kjærleiksarbeidarar i nasjonens interesse, håper Mühleisen at tida snart er mogen for å diskutere andre grunnlag for eit lengre samliv enn dagens ideal. Ho nemner venskap som eit mogleg alternativt grunnlag for ansvarlege relasjonar:

— Dei seier at det er ansvarslaust å få barn utan å halde saman heile livet. Men kva gjer det med barn å leve med foreldre som heile livet går rundt og latar som dei er lykkelege, spør Wencke Mühleisen.

Det går an å svare med eit nytt spørsmål. I Vigdis Hjorths roman «Om bare» oppsummerer ho det moderne lykkeomgrepets problem:

«Hvorfor er det som varer bedre enn det som brenner?»

<b>ELSKARINNE NR 1:</b> Rebecca med det typiske etternamnet Loos (laus) viser fram dei intime tekstmeldingane ho har fått frå David Beckham. Intervjuet med «Sleazy Senorita» blei sendt på Sky Television denne veka, og Loos skal til saman ha tent 12 millionar kroner på avsløringane om Becks.
<b>IKONET:</b> David Beckham framstilt som ein moderne kristus på framsida av trendmagasinet GQ.
<b>PÅ TRIBUNEN:</b> Den svenske verdama og programleiaren Ulrika Johnsson er kanskje mest kjend for romanseryktene med den engelske landslagssjefen Sven-Göran Eriksson. Då Johansson nyleg var programleiar for den engelske versjonen av «Ungkaren», stakk ho like godt av med ungkaren sjølv, noko som førte til ein del sure miner frå dei kvinnelege programdeltakarane.
<b>THE BEAST AND THE BEAST:</b> Ingen har nokon gong forstått korleis Charles kunne velje Camilla Parker Bowles framføre prinsesse Diana. Kanskje det hadde noko med kjærleik å gjere?
<b>TILGJEVING:</b> Bak dei fleste utru, høgprofilert menn står ei tilgjevande kvinne. Jannicke Askeland stod støtt som fjell ved Terje Søviknes si side etter avsløringane om at Søviknes hadde sex med ei 16 år gammal jente frå FrPs ungdomsorganisasjon.
<b>SKANDALEN</b>: Woody Allen i Venezia saman med Soon-Yi Previn, adoptivdottera til Allens tidlegare sambuar Mia Farrow. Allen var 62 år og Previn 27 då dei gifta seg i Venezia 23 desember 2000.