Tunnel under Kviven er eitt av elementa i milliardprosjektet som skal gje europaveg mellom Hornindal og Volda.

Anleggstart vart markert på Grodås i Hornindal i føremiddag. Så flytter prominensane seg til grenda Kalvatn på Sunnmørssida, der første dynamittsalva på tunnelen vert sprengd.

I går var det stor oppslutnad om konferansen «Treffpunkt Kviven» på Hotell Alexandra i Loen. Der vart framtidsvyer presentert. Det nye vegsambandet over fylkesgrensa opnar for meir samarbeid mellom Nordfjord og industribygder på Søre Sunnmøre.

Enkelte hevdar at vegen legg grunnlag for ei grenseoverskridande storkommune, frå Strynefjellet til fuglefjella på Runde ut mot havet.

Talet på ferjer på Kystvegen mellom Bergen og Ålesund vert redusert frå fire til tre når Kvivsvegen opnar i 2012.