Dei to kom i bil på riksveg 7 med retning Bergen då dei køyrde ut av vegen på venstre side og inn i ein fjellvegg.

— Dei to kom seg ut av bilen ved eiga hjelp. Dei hadde sjokkskader, og vart frakta i luftambulanse til legevakta for ein sjekk der, seier vaktsjef Øystein Jarland ved Hordaland politidistrikt til bt.no.

Ulykka hende klokka 18.49.

— Det var vitne til ulykka, men vi veit ennå ikkje årsaken til utforkøyringa, seier lensmannsførstebetjent Vidar Almberg ved Arna og Åsane politistasjon.

Bilen var ikkje køyrbar etter smellen.