Han må sone halvparten av straffa, medan resten er på vilkår. I tillegg må mannen sone ein tidlegare vilkårsdom på fem månader. Dei to valdstilfella han no er dømd for, skjedde på og ved eit hotell i Sogndal i august og november i fjor.

I eitt tilfelle meiner Indre Sogn Heradsrett at det klart er tale om uprovosert vald. I det andre tilfellet slo sogningen ned ein mann som hadde slengt med kjeften, men retten meiner at også dette kan likestillast med uprovosert vald.